Skilsmisseoppgjer i grenseland– Uvisse for framtida pregar folk, særleg i Skottland og Nord-Irland, fortel Storbritannia-kjennar Annette Groth.
– Uvisse for framtida pregar folk, særleg i Skottland og Nord-Irland, fortel Storbritannia-kjennar Annette Groth.
Den skotske førsteministeren Nicola Sturgeon på veg inn til den britiske statsministeren Theresa May i Downing Street 10.
Foto: Alastair Grant / TT / NTB scanpix
Annette Groth starta karrieren i NRK med å få latterkrampe på radioen i 1977, noko Dagens Næringsliv passa på å få med på framsida neste dag. For Groth fekk dette heldigvis ingen konsekvensar, og ho heldt fram i NRK i 38 år – som både utanrikskorrespondent, sjef for Dagsrevyen og leiar av Urix.
Dei ni åra som London-korrespondent har fått mykje å seie for den nye boka hennar, Hva nå? Min reise i Storbritannia i en brexit-tid. Her undersøkjer ho kva folk i Wales, Nord-Irland, Skottland og England tenkjer om skilsmissa frå den europeiske unionen i tida etter at utmeldinga blei avgjort i ei folkerøysting i fjor.
– Eg budde i Storbritannia i ti år og fekk ofte spørsmål om korleis Noreg klarer å gjere det bra og samtidig stå utanfor EU. Mitt standardsvar var oljepengar. Men vi har også ein open marknad gjennom EØS, seier Groth.
Komplisert
Fredag 8. desember kom eit gjennombrot i forhandlingane mellom statsminister Theresa May og Europakommisjonen. Tre millionar innvandrarar får fast opphaldsløyve i Storbritannia og ein million britar får opphaldsløyve i EU. I tillegg var det 14. desember avgjort at nasjonalforsamlinga skal ha det siste ordet, noko som betyr at dei folkevalde i mars 2019 potensielt sett kan skrote heile avtalen.
Men det som kanskje skaper mest uro i tida etter valresultatet, dreier seg om det kommande grenseforholdet mellom Nord-Irland og EU-medlemen Irland, der EUs yttergrense vil gå.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.