JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Sitat på resept

Dei små tekstsnuttane i Beate Grimsruds nye bok Det finnes grenser for hva jeg ikke forstår – Sitater er verken ordtak eller levereglar.
– Les maks tre per dag, oppmodar forfattaren.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
«Der jeg bor, henger det en lapp på ytterdøren. Klokka fungerer, står det.» er eitt av rundt 150 små sitat som har fått kvar si bokside. Dette er henta frå romanen Søvnens lekkasje (2006).

Foto: Cappelen Damm

4040
20170526
4040
20170526

Litteratur

mone@dagogtid.no

«Fra jord er du kommet, til statistikk skal du bli». Dette er eitt av rundt 150 sitat frå heile Beate Grimsruds forfattarkarriere, inkludert ein del tidlegare upubliserte.

– For det er jo statistikk på alt. Kva ein har døydd av, kva ein har googla, og kor mange gonger eg har vore inne på ei nettside. Det vil ein sikkert kunne sjå lenge etter mi levetid, seier ordsmeden, forfattaren, regissøren og dramatikaren gjennom telefonrøyret.

frå alle bøkene

Før redaktør Herdis Eggen skulle gå av med pensjon, lufta ho ideen om ei sitatbok for Grimsrud. Resultatet har same tittel som novellesamlinga ho debuterte med i 1990. På omslaget står ein svart menneskesilhuett, lik Grimsrud sjølv, der overkropp og underkropp er på veg i ulike retningar. Det finnes grenser for hva jeg ikke forstår er tekst utan kontekst. Éi side per sitat. Konteksten må lesaren stille med.

– Det er sitat frå heile forfattarskapen din, dette?

– Ja. Men helvta er heilt nye, og har ikkje vore med i bøker. Eg håpar sitata er uautoritære, at dei ikkje er levereglar. Det er tips om korleis ein kan sjå verda, og dersom nokon vil bruke dei, er det bra. Men sitata er spekulasjon, ikkje sanning. Eg jobbar meir med kor lite vettug tanken er enn med kor vettug han er:

«I bunnen av hver tanke finnes en følelse».

– Vi er kjenslestyrte, og vi har eit behov for å vite kvifor vi er her. Det kan vere desse sitata mine har klokskap i seg, men eg trur dei er forundringar. Eg trur vi er skapte til ikkje å forstå våre eigne problemstillingar.

– Kva legg du i det?

– Vent, eg må skrive det ned sjølv. Jau. heile tida skaper menneske nye omgrep. Ta uendeleg, til dømes. Eller rettferd og kjærleik. Vi finn opp desse omgrepa fordi vi vil fortelje ei historie, og fordi vi ønskjer svar.

«Hvordan kommer du fra veldig langt til uendelig?»

Tenkje sjølv

Med En dåre fri skreiv ho fletta av Knausgård. Ho fekk Nordisk råds litteraturpris for denne og Å smyge seg forbi en øks, og den siste boka, Evighetsbarna frå 2015, fekk overskrifta «Grensesprengende Grimsrud» av NRK. «Hennes særegne styrke ligger i å gå så langt inn i eksistensielle tilstander at hun normaliserer galskapen», melde Cathrine Krøger i Dagbladet. Men sitata i Det finnes grenser for hva jeg ikke forstår står heilt åleine. Dei spenner frå det kvardagslege til det eksistensielle, og med snert av sårheit, glede, galskap og det heilt absurde, inviterer ho lesaren til å tenkje.

«Jeg tenker på det forholdsvis enkle i å få et hus til å bli en grushaug, sammenlignet med å få en grushaug til å bli et hus».

– Men det er litt av faren ved det. Akkurat som du ikkje skal ete tre fluortablettar på éin gong, får du ikkje ete heile denne boka på éin gong. Mi tilråding er tre sitat om dagen. Ikkje meir. På resept, seier ho.

Til slutt: Kvar kjem inspirasjonen din ifrå? Og har du eit favorittsitat?

– Sitata veit eg ikkje, dei berre ramlar ut. Men inspirasjonen kan kome kvar som helst frå. Eg har ikkje éin enkelt forfattar som inspirerer meg. Men eg finn inspirasjon i alt anna enn andre forfattarar òg. Eg kan late meg inspirere av vêrmeldinga og telefonkatalogen, og ei svært avansert bok. Eg er ikkje så oppteken av forteljingane; eg er meir oppteken av augeblikka – kva som skjer akkurat no.

– Eg har mange favorittsitat. Det som vart tittelen på boka, likar eg. Det går det ikkje an å forstå. Men eg har nokre som er lette og gode òg. «Det går an å gjøre situps i badekaret, men du må ikke», er eit slikt. Eit anna er: «Vil man være sjenerøs, bør man omgås andre sjenerøse, så blir det ikke så dyrt»

– Men boka er på ingen måte ei oppsummering av verka mine, seier Grimsrud.

Så langt er ho ikkje komen. Ho har framleis mykje ho vil seie.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Sitata er spekulasjon,

ikkje sanning. Eg

jobbar meir med kor

lite vettug tanken er

enn med kor vettug

han er.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis