Roman om ei valdtektKathrine Nedrejord opplevde skrekken: valdtekt på open gate. Ho kunne velja å fortrengje det, eller ho kunne få det ut. Berre éin månad etter var ho i gang med ein roman om overfallet.

Kathrine Nedrejord opplevde skrekken: valdtekt på open gate. Ho kunne velja å fortrengje det, eller ho kunne få det ut. Berre éin månad etter var ho i gang med ein roman om overfallet.

Kathrine Nedrejord er husdramatikar ved Nationaltheatret. Ho ser ikkje bort frå at det kan koma ein teaterversjon av den nyaste romanen.
Kathrine Nedrejord er husdramatikar ved Nationaltheatret. Ho ser ikkje bort frå at det kan koma ein teaterversjon av den nyaste romanen.
Publisert

Kathrine Nedrejord er ein av dei lovande unge forfattarane våre. Den norsk-samiske romanforfattaren og dramatikaren har hausta gode kritikkar for debutromanen Transitt frå 2010 og for Trengsel som kom ut i 2014. Det same gjeld ungdomsromanane ho har skrive.

Bøkene til Nedrejord har eit røyndomsnært innhald – dei handlar om ei norsk kvinne busett i Paris. Nedrejord har sjølv budd i den franske hovudstaden dei siste sju åra.

Ho var i gang med noko nytt: å skrive ein historisk roman om ein fiskar i Finnmark i 30-åra. Men «Paris tek aldri slutt», skreiv Ernest Hemingway. Det fekk Nedrejord merke.

– Livet kom inn og avgjorde kva eg skulle skrive.

For eitt og eit halvt år sidan opplevde Nedrejord alle kvinners mareritt: Ei overfallsvaldtekt på open gate ei natt i Paris. Ho hadde valet mellom å fortrengje det og å få det ut.

– Det er viktig å setja ord på opplevinga og å gje valdtektsofferet eit andlet, så andre kjenner seg att. Di fleire som set ord på det, di mindre tabu blir det.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement