Eritrerarar demonstrerer i Stockholm for å få Dawit Isaak lauslaten.
Foto: Janerik Henriksson / NTB scanpix
Pris til fengsla journalist
Onsdag 3. mai, på pressefridomens dag, fekk den eritreisk-svenske journalisten Dawit Isaak den internasjonale prisen for pressefridom på UNESCOs hovudmarkering i hovudstaden Jakarta i Indonesia, melder Unesco.no. Då Eritrea vart sjølvstendig i 1993, flytte Isaak attende til Eritrea frå eksilet sitt i Sverige, for å bruke journalistikken i det han trudde skulle bli ei demokratisk utvikling. Han og mange andre demokratar vart vonbrotne då styremaktene i 2001 slo hardt ned på uavhengige medium og fri journalistikk.
Siste livsteikn frå Isaak var i 2005. I dag veit vi ikkje kvar han er, men han har truleg sete i fengsel i 16 år utan lov og dom. Det var i 1993 at FNs generalforsamling erklærte 3. mai som pressefridomsdagen (World Press Freedom Day).
CNN nektar å sende Trump-video
Den amerikanske TV-kanalen CNN nektar å kringkaste ein reklamevideo frå Donald Trump, der han klandrar den amerikanske pressa for «uærlege mediefakta». Reklamevideoen vart lansert måndag denne veka, og er ei skryteliste over dei fyrste hundre dagane til Trump som president. Mellom anna vektlegg videoen utnemninga av Neil Gorsuch som domar for Høgsterett, og godkjenninga for Keystone XL-røyrleidningen. Deretter får medium smekk på fingrane fordi dei ikkje har kringkasta desse nyhenda.
«Trump er i gang med å gjera USA stort att, men ein blir ikkje informert om framgangen ved berre å fylgje med på nyhenda», heiter det i videoen. I det dette blir sagt, kjem ei gruppe journalistar til synes i videoen, mellom andre CNNs Wolf Blitzer, og så blinkar det «fake news» over skjermen.
CNN likar dette dårleg, og tek til motmæle på Twitter: «CNN krev at dei falske klagemåla blir tekne bort frå videoen. Pressa viser ingen villeiande nyhende, det er denne videoen som er falsk. Vi fylgjer våre retningsliner her: Videoen vil fyrst bli godteken til kringkasting når desse bileta blir sletta. Det er eit faktum.»
Radiohead fyller år
Albumet OK Computer slo an i 1997. Bak stod det britiske rockebandet Radiohead. OK Computer var eit av dei mest kritikarroste og populære plater det året. No fyller albumet 20 år, noko som blir markert med ei nyutgjeving av klassikaren. Plata kjem no ut i ny «remastra» utgåve med b-sider og – til glede for fansen – tre tidlegare uutgjevne låtar. Plata har fått namnet OKNOTOK og blir sleppt 23. juni 2017 via XL Recordings og Playground Music Scandinavia.
ronny@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Sofi Oksanen er av dei forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.
Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons
Vald mot kvinner som våpen
Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.