JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Øystein Lønn (1936–2022)

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Øystein Lønn vart 85 år gammal.

Øystein Lønn vart 85 år gammal.

Foto: Nicolai Prebensen / NTB

Øystein Lønn vart 85 år gammal.

Øystein Lønn vart 85 år gammal.

Foto: Nicolai Prebensen / NTB

2634
20220114
2634
20220114

MINNEORD

Forfattaren Øystein Lønn døydde 10. januar, 85 år gamal. Han representerte litterær kvalitet gjennom meir enn 50 år – frå debuten i 1966 med novellesamlinga Prosesjonen til det som skulle bli det siste verket hans, romanen Berners datter, i 2018.

I ein sjølvpresentasjon frå debutåret 1966 opplyser Lønn dette om den litterære orienteringa si på det tidspunktet: «Kafka, Camus, Joyce. Nyare tysk litteratur og den nye eksperimentelle franske roman.» Dessutan nemner han i fleire samanhengar Ernest Hemingway og Aksel Sandemose som vesentlege inspirasjonskjelder.

Midten av 1960-åra var ei tid då mange unge norske og nordiske forfattarar utfordra den psykologisk og symbolistisk orienterte modernismen. Det er ikkje vanskeleg å spora ideologiske og litterære føredøme i den fyrste delen av Lønns forfattarskap mellom dei forfattarane og i den diktinga han sjølv nemner. Både den «filosofiske» og den «praktiske» eksistensialismen – fyrst og fremst representert ved høvesvis Albert Camus og Ernest Hemingway – er sterkt til stades.

Øystein Lønn var lenge karakterisert som ein «forfattarane sin forfattar» – ei eksklusiv, men òg ekskluderande nemning. Lesarkrinsen hans vart sterkt utvida etter at dei to novellesamlingane Thranes metode (1993) og Hva skal vi gjøre i dag? (1995) vart utgjevne. Den fyrste fekk han både Kritikarprisen og Brageprisen for, og for den siste fekk han Nordisk råds litteraturpris. Thranes metode vart dessutan filmatisert av Unni Straume, med Petronella Barker og Bjørn Sundquist i dei berande rollene. Prisane førte også til at bøkene hans vart omsette til mange språk.

Eit viktig hovudmotiv i forfattarskapen er kjensla av kaos og keisemd i det moderne. «Metoden» Thrane og andre Lønn-personar nyttar for å kunne handsame det kaotiske, er å halde seg med eit knippe faste vanar og ritual. Dessutan er kjærleiken ei viktig motkraft andsynes det tilsynelatande meiningstomme. Meir enn orda er det blikket som er berar av kommunikasjonen i Lønns tekstar – så vel blikket mellom fiksjonspersonane som forfattarblikket.

Lønn var ein utprega visuell diktar. Elles har musikk – særleg jazz – ein sentral funksjon i mange av tekstane hans. I novella «Thranes metode» vert dialogen akkompagnert av lydspora frå jazzbassisten Charles Mingus – og i Sofia-trilogien (2001–2010), eit anna hovudverk i forfattarskapen, er ein av dei sentrale personane jazzmusikar. Lønns måte å fortelje på liknar på jazzens veksling mellom kontroll og improvisasjon.

I tillegg til at Øystein Lønn var ein forfattar eg sette høgt, var han òg ein god ven. Han er alt djupt sakna.

Oddbjørn Johannessen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis