Oppdretts-anlegg trugar verdsarvøyar– Dersom eit verdsarvområde misser kvalitetane sine, kan det misse Unesco-statusen, seier Mechtild Rössler, direktør for Unescos verdsarvsenter.
– Dersom eit verdsarvområde misser kvalitetane sine, kan det misse Unesco-statusen, seier Mechtild Rössler, direktør for Unescos verdsarvsenter.
Ærfuglen – eller «ea» som ho heiter på nordnorsk – ligg på reir på dunværet.
Foto: Inga Næss
Jubelen er stor når ein stad kjem inn på Unescos verdsarvsliste. Då skulle staden vera trygga mot overgrep. Difor var gleda stor på Helgeland då Vega-øyane kom på lista i 2004.
Noreg har i alt åtte stader på verdsarvlista. Vega-øyane er det fyrste norske kulturlandskapet med verdsarvstatus.
Kva er no særskilt med Vega og skjergarden ikring? Vega-øyane, som ligg nær polarsirkelen, inneheld kring 6500 øyar, holmar og skjer. Bakgrunnen for verdsarvstatusen er den særmerkte måten fiskarbønder har overlevd på i den hardføre naturen, særleg ved å sanking av ærfugldun, som er opphavet til dundyner.
Men no har det kome eit vedtak som bryt med verdsarvstatusen: Fylkesrådet i Nordland har vedteke å gje Marine Harvest mellombels løyve til å drive oppdrett i verdsarvområdet. Vedtaket kolliderer både med retningslinene som ligg til grunn for eit verdsarvsområde og med reinhårig juridisk saksgang. «Vega kan misse Unesco-statusen og bli eit anonymt område», varskur Unesco-rådgjevar Peter A. Ogden til Brønnøysunds Avis. Han har klaga vedtaket inn til Unesco.
Mechtild Rössler, direktør for Unescos verdsarvsenter i Paris, fortel til Dag og Tid at Unesco har byrja på ein gjennomgang av kva fylgjer vedtaket vil ha for verdsarvstatusen.
«Kraftsosialistar»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.