Litteratur
Om død, avvik og gravferder
Maren Uthaug ville få folk til å forstå følgjene av at ein ikkje sjølv kan velje seksualiteten sin. Dermed valde ho ein nekrofil hovudperson.
Maren Uthaug er fødd i Noreg, men flytta til Danmark åtte år gammal. Ho debuterte i 2013.
Foto: Thomas A
I Danmark, der den norsk-samiske dansken har budd dei siste førti åra, vekte boka ballade då ho låg føre i 2019. Forfattaren fortel at reaksjonane splitta landet. Somme jubla, andre gav høglydt uttrykk for skepsis, og nokre blei rasande. Men det hindra ikkje at ho fekk Læsernes Bogpris, som Danmarks Biblioteksforening og Berlingske står bak. No er ho spent på korleis mottakinga blir i Noreg.
– Er ikkje nordmenn litt meir puritanske enn danskar, undrar ho.
Mange meinte at ho var respektlaus, ikkje minst då ho i ein promovideo stod lent opp mot ei kiste i eit krematorium.
– Folk trudde at det låg ein død person i kista, men slik var det ikkje. Eg fekk mange og sterke reaksjonar. Men ei kreftsjuk kvinne skreiv til meg at ho berre hadde nokre få månader att å leve, og at eg var velkommen til å lene meg mot kista hennar, sjølv om kista skulle ramle ned og ho falle ut.
Film og teater
Uthaug fortel at det danske filmselskapet Zentropa har sikra seg filmrettane til boka. Og Trøndelag Teater skal lage teater av dei førre romanen hennar, Der det finst fuglar, med handlinga lagt til Kjeungskjær fyr i Trøndelag.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.