JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Novaja gazeta har tagna

Dmitrij Muratov, redaktøren som fekk Nobels fredspris i 2021, har stansa utgjevinga av avisa si. Vi kan vel kalle det «kroken på døra» for den frie pressa basert i Russland.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I vitsebladet Krokodil kunne ein finne karikaturar og kritikk av både folk og politikk.

Foto: Faksimile frå moscowbooks.no

6165
20220401
6165
20220401

KOMMENTAR

redaksjonen@dagogtid.no

Dette la eg ut på Facebook 13. oktober i fjor:

«Fra hjemmesiden til Novaja gazeta 13. oktober 2021: ’President i Den russiske føderasjon Vladimir Putin forsikret om at sjefsredaktøren i ’Novaja gazeta’ Dmitrij Muratov ikke vil bli ført inn på listen over ’utenlandske agenter’, hvis han bare ikke ’dekker seg under’ det at han får Nobels fredspris. Det Putin sa på et plenumsmøte i ’Russisk energiuke’, ble overført på tv-kanalen ’Rossija 24’.»

No har dei frie media emigrert.

Keisame aviser

Då eg var russiskstudent på 1970-talet, var det mange keisame aviser å velje i. Pravda og Izvestija var ikkje dei mest freistande for ein ungdom som var blitt forelska i Tsjekhovs forteljingar og Dostojevskijs romanar. For ikkje å snakke om at vi hadde fått smaken på å kunne forstå Pusjkin og Jesenin sine dikt i originalutgåve.

Men altså, aviser, nyhende, politisk stoff. Milelange artiklar med taler som blei haldne av dei forstokka gamle leiarane – ikkje nokon lesnad å trakte etter. Men Krokodil, vitsebladet der ein kunne finne karikaturar og litt kritikk av både folk og politikk, var litt artigare.

Emigrantaviser og tidsskrift var viktigare, dessutan var dette tida for samizdat, litteratur som sirkulerte i avskrifter på maskin med mange gjennomslag, så dei underste eksemplara knapt kunne lesast. I studietida hadde eg eigentleg nok med pensum og småungar, og det sementerte sovjetsystemet trudde vi ikkje skulle rikke seg på mange år, så det var ikkje spanande med aviser.

Eg er ikkje journalist og ikkje samfunnsvitar, eg har berre arbeidd med å lære folk russisk, omsetje bøker frå russisk og snakke og skrive om dei for litteraturinteresserte nordmenn. Eg har freista å vekkje interessa for russisk kunst og folkekultur og historie. Difor var det eit stort håp som blei kveikt, då Gorbatsjov starta glasnost-politikken, det skulle bli slutt på lygna, det skulle opnast opp, bli lov å skrive og fortelje om ting og hendingar som ein tidlegare kunne hamne i fengsel for.

Fakta-journalistikk

I 1988 var eg i Russland med ein skuleklasse og trefte lærarar. På spørsmålet om kva slag historiebok dei brukte, fekk eg svaret: aviser og tidsskrift. Det var det ærverdige gamle bladet Ogonjok, som med ny redaktør gjekk over frå å vere partitru organ til å bli eit glasnostorgan, av dei første til å ta opp ein faktabasert journalistikk om emne som mafia, kulturproblem, stalintida, økonomiske spørsmål, demokrati og «fritenking».

Seinare, da eg frå 1990 arbeidde med russiskundervisning mynta på folk som ønskte å samarbeide med russarane, kunne vi hente mykje interessant stoff frå ei avis som Nezavisimaja gazeta, som kom til i 1990, og var nettopp nezavisimaja = uavhengig. TV-kanalen NTV som blei starta i 1993, hadde dyktige og gode journalistar og serverte interessante diskusjonar. Dei fekk 100 millionar sjåarar og rakk over heile det store landet. Og i 2000 var dei kritiske til Tsjetsjenija-krigen, til valget av Putin som Jeltsins kronprins, og partiet hans.

Skremmande drap

Men så ein dag, eg hugsar kor skrekkslagen eg blei der eg sat på kontoret i mai 2000 og las at det hadde vore rassia i NTVs redaksjon. Med eitt var kjensla der av at det frå no av kunne «gå galne vegen» for glasnost.

Så skal eg medgi at eg utover på 2000-talet ikkje las så mange aviser, eg skreiv lærebok i russisk og grubla på korleis ein skulle få norske studentar til å lære seg språket på eit funksjonelt nivå. Men eg hugsa det skremmande drapet på demokratiforkjemparen Galina Starvojtova i 1998, og då Anna Politkovskaja blei drepen i 2006, blei det viktig å lese avisa der ho arbeidde, Novaja gazeta. Ho var den fjerde av seks journalistar i avisa som er blitt drepne.

Så kom valprotestane fra 2011, og heile tilstramminga utover i åra som følgde, anneksjonen av Krim, drapet på Boris Nemtsov, forfølginga av Aleksej Navalnyj og Jurij Dmitrijev, hendingane i Kviterussland. Eg såg at det var fleire og fleire aviser som var blitt meir og meir regimetru.

Eg var blitt pensjonist og hadde fått betre tid til å «henge på nettet». Når eg såg på den uavhengige tv-kanalen TVRain (Dozjd), fekk eg gjennom rapportar frå dei dyktige journalistane og kommentarar frå leiande politikarar og samfunnsvitarar ei forståing av det som gjekk føre seg.

«Utanlandske agentar»

Dei siste åra har eg brukt Facebook-sida mi til å fortelje om det eg har høyrt og lese, fordi eg syntest det var så mykje norske medium ikkje brydde seg om, og for å halde fortvilinga på ein armlengdes avstand. Så kom lova om «utanlandske agentar» som ramma både nyhendemedium, organisasjonar og enkeltmenneske. Framleis kunne desse publisere, men med merking av alt materiale med at det var gjort av ein «utanlandsk agent». Novaja gazeta unngikk dette lengst, eg vil tru på grunn av Nobels fredspris.

Muratovs avis skreiv ope og informativt om krigen heilt frå han braut ut og så lenge han kunne utan å miste lisensen til å gje ut avis. Typisk for artiklar i Novaja gazeta var at eit eller anna nyhende blei gjengitt – med dette spørsmålet etterpå: «Men korleis er det eigentleg?» Artiklane tok opp tema som dei døde soldatane som ikkje blei henta, støtteskriv for krigen der døde menneske hadde signert, protestar mot krigen i Russland og alle arrestasjonane.

Om vi no skal få informasjon som ikkje er styrt og kontrollert av dagens regime, må vi gå til medium som sender frå andre land, til YouTube-kanalar og sosiale medium, der kjende journalistar held fram med arbeidet sitt. Og freiste å tru på at fri informasjon nyttar.

Blant anna finn ein intervju journalisten Katerina Gordejeva har gjort med framifrå representantar for russisk opposisjon, ein av dei er redaktør Dmitrij Muratov. Han seier til slutt: «Eg kan ikkje seie noko oppmuntrande så lenge folk kjempar for livet.»

Marit Bjerkeng er omsetjar og har undervist i russisk ved høgskular
og universitet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eg hugsar kor skrekkslagen eg blei då eg las at det hadde vore rassia i NTVs redaksjon.

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis