Nawal El Saadawi
Den ukuelege Nawal El Saadawi, fotografert då ho var på båttur under litteraturfestivalen Ord i Grenseland i Fredrikstad i 2013.
Foto: Marianne Sunde
Det gjekk ei bølge av sorg gjennom Nawal El Saadawis univers av vener, lesarar, feministar og aktivistar da meldinga kom 26. mars om at ho var gått bort. Det var utenkeleg at ho ikkje lenger skulle vere der.
Gjennom eit langt liv har legen og forfattaren kjempa for kvinners og barns rettar, mot politisk og religiøs undertrykking. Ho vart fengsla, drapstrua, sensurert og tvinga i eksil. Men ingen kunne hindre henne i å bruke penn og papir. No er det slutt, pennen er lagd ned. Nawal El Saadawi gjekk bort i sitt 90. år. Ho etterlèt seg meir enn 50 bøker, omsett til ei rekkje språk.
I generasjonar har ho vore den sterkaste kvinnerøysta i den arabiske verda. Ho var den første i Egypt til å bruke røynsla si som lege til å skrive om kjønnslemlesting, barneekteskap, tvangsekteskap, kravet om jomfrudom, deflorering på bryllaupsnatta, valdtekter og æresdrap. Som lege såg ho konsekvensane av dette. I 1972 gav ho ut ei bok om kvinner og sex. Nawal El Saadawi var på den tida tilsett i helsedepartementet som direktør for helseutdanning og måtte på grunn av boka gå frå stillinga. Boka var forboden i Egypt i 20 år.
I 1981 vart ho fengsla etter å ha kritisert president Anwar Sadat. Ho vart sett fri da Sadat vart drepen i eit attentat tre månader seinare. Tidlegare hadde ho besøkt det same kvinnefengslet som psykiater og forskar. Da hadde ho møtt Firdaws, ei kvinne som var prostituert, og som var dømd til døden for drap på halliken sin. Møtet med kvinna gjorde eit usletteleg inntrykk på El Saadawi, og ho skreiv romanen Firdaws – kvinne på nullpunktet (1984), som vart gjennombrotet hennar som romanforfattar, og ei av få av El Saadawis bøker som er omsette til norsk.
I dokumentarboka, som på dansk fekk tittelen Evas skjulte ansigt (1981), skildrar ho også si eiga omskjering som seksåring og sjokket over å oppdage at mora var med på overgrepet. Då eg første gong intervjua Nawal El Saadawi i Kairo, forklarte ho det slik:
– Omskjering var vanleg praksis uavhengig av utdanning, klasse og status. Mor mi kom frå øvre middelklasse, far min frå landsbygda, men begge var utdanna. Det var likevel inga hjelp for å hindre at dette skjedde. Alle egyptiske jenter, muslimar, jødar og kristne gjennomgjekk dette.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.