Nådelaus mot hersketeknikkarSom programleiar i Dagsnytt 18 observerte Sigrid Sollund at det gjekk føre seg omfattande bruk av hersketeknikkar. Derfor skreiv ho bok om dei.
Som programleiar i Dagsnytt 18 observerte Sigrid Sollund at det gjekk føre seg omfattande bruk av hersketeknikkar. Derfor skreiv ho bok om dei.
Programleiar i Dagsnytt 18, Sigrid Sollund, vil ufarleggjere hersketeknikkane.
Foto: Fotograf Sturlason
Gjennom rolla som programleiar har NRK-journalisten vore vitne til tallause debattantar som set andre ut av spel, riv ned eller byggjer opp autoritet, og som kjem godt eller dårleg ut av debattane. Då Sollund først observerte dette spelet, begynte ho å bli medviten på situasjonane i sitt eige liv.
– Eg har alltid vore interessert i dynamikken mellom menneske og korleis situasjonar spelar inn. Eg oppdaga ein del fellestrekk, sjølv om hersketeknikkane kjem til uttrykk på ulikt vis rundt eit møtebord og i ein vennegjeng.
– Boka heiter Hersketeknikker. Nyttige og nådeløse. Kva skil dei nyttige frå dei nådelause?
– Dei mest nådelause hersketeknikkane kjem frå dei som alt har makt over deg, som gir deg ei djup kjensle av skam eller tar frå deg autoritet og kjensla av kontroll. Makta kan kome frå ein sjef i arbeidslivet, men det kan også vere nokon som har eit kjensleovertak og som utnyttar det. Eg skal vere varsam med å tilrå bruk av hersketeknikkar for å jamne ut makta, men nokre gongar kan det vere effektivt, for å setje nokon på plass. Då blir hersketeknikkane nyttige.
– I boka fortel du mange historier. Kor utbreidde er eigentleg hersketeknikkar, og kor mykje kan vi vite om dei gjennom anekdotar?
– Eg trur nesten alle driv med det og blir utsette for det. Ofte ser vi ikkje sjølve at vi nyttar hersketeknikkar. Og så trur eg dei kan dukke opp som ein respons når vi kjenner oss utsette og vil markere eller hemne oss. Folk tolkar det ulikt, og i nokre situasjonar og miljø er det meir utbreitt enn det er i andre. Gjerne der det er interessekonfliktar og maktkamp.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.