JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkKultur

Bak, men langt framme

Same kva sjanger du sver til, har du nikka til musikk Bård Ingebrigtsen har laga.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Plateprodusent Bård Ingebrigtsen sit sjeldan stille.

Begge foto: Marita Liabø

11862
20210924

Bård Ingebrigtsen

Musikar, studioteknikar og plateprodusent frå Namsos, fødd i 1979

Har medverka på eit tresifra tal plateinnspelingar, mange av dei prisvinnande, innanfor dei fleste musikksjangrar

Har produsert, spelt inn eller miksa 15 album så langt i 2021, inkludert Hedvig Mollestads Tempest og Frøkedal & Familiens Flora, Tønes’ Thilda Bøes Legat, Robert Moses’ Leaving, Longing, Love og Geir Sundstøls St. Hanshaugen Steel

Gir om kort tid ut nytt album med eit av sine eigne band, Gallowhill

Driv det uavhengige plateselskapet Bored Airline Music

Musikk

marita@dagogtid.no

DumDum Boys, DeLillos, Kaizers Orchestra, Odd Nordstoga, Tønes, Darling West, Stein Torleif Bjella, Hedvig Mollestad, Virus … Lista over artistar Bård Ingebrigtsen har hjelpt fram, er frodig. I ein alder av 41 har han produsert eller medverka på over 100 plater, og han går ikkje av vegen for å spele eit og anna instrument når dei han samarbeider med, turnerer. Og så har han sjølvsagt sitt eige band – eller fem, så langt: Jamesband, Men of Earth, Sirens and Us, Gallowhill og Moviestar.

Ingebrigtsen er altså produsent: Han arrangerer, miksar og speler inn musikk andre har skrive.

– Det handlar om form og retning. Ein vel ut låtar, ofte bidrar ein med tekst eller musikk…

Her sprett han opp av stolen. Ingmar, 15 månader, er på veg mot ei steintrapp i hagen der vi sit, utanfor det gamle tømmerhuset dei bur i, han og kona og fire ungar, på halvøya Nesodden inst i Oslofjorden. Han har studio i Oslo, men er heime fordi kona, som òg er musikar, skal på jobb.

Inne bognar ei lita stove av opptaksutstyr og instrument. Eit musikkstudioanneks er på trappene, men det krev planlegging, og det kostar. Ein blir normalt sett ikkje rik av å gi ut plater, sjølv om dei vinn prisar – ikkje før ein gjer som Max Martin og Stargate: produserer megahitar.

– Du er vel i stand til det, du òg?

– Dei mest kjende produsentane lagar gjerne popmusikk. Der har ein ei klarare retning. I sjangrane eg jobbar med, må ein ofte styre musikken i ei anna lei. Målet mitt er at artistane eg samarbeider med, skal bli fornøgde og få omtale. I det siste har Hedvig Mollestad fått supre kritikkar i bransjemagasin som Mojo, Uncut og Rolling Stone. Det er kjekt.

Årets produsent

Her kunne han fortalt at i fjor blei heile fem album han har jobba med, nominerte til Spellemannprisen: Gard Nilssen’s Supersonic Orchestra, Christian Wallumrød Ensemble, Knut Reiersrud, Hedvig Mollestad og Valkyrien Allstars. Dei to sistnemnde vann i sin sjanger.

Ingebrigtsen produserer med andre ord musikk innan vise, jazz, blues og samtid, like gjerne som pop, rock og svartmetall. Og enkelte han har samarbeidd med, som Odd Nordstoga og Stein Torleif Bjella, har lege øvst på VG-lista og selt uvanleg godt til ikkje å vere popstjerner.

– Du har sjølv vore nominert til Spellemannprisen i kategorien Årets produsent. Blei du skuffa då Cashmere Cat vann framfor deg?

– Ja, dette var då Arve Tellefsen fekk heidersprisen, og så gjekk han før prisen blei delt ut. Det var meir som ein russefest enn ei Spellemannprisen-utdeling. Det var dunk-dunk-musikk og langt mellom dressane, og folk måtte stå heile kvelden.

Han ristar på hovudet, og her må vi mimre: Marcus og Martinus, då 15 år, vann Årets spellemann-prisen, men stilte ikkje; dei opptredde på finnane sitt svar på Melodi Grand Prix. Også Aurora og Alan Walker var i utlandet. Magnus Høiberg, alias Cashmere Cat, sende foreldra for å ta imot prisen, som han fekk for å ha produsert musikk for stjerner som The Weeknd og Kanye West.

– Men blei du skuffa?

– Nei, nei.

Supervelprodusert

Då Erik Hermansen og Mikkel Eriksen, alias Stargate, presenterte dei nominerte i klassen Årets produsent 2016, sa dei dette om Ingebrigtsen: «Det handlar om ikkje å stå i vegen for låten og teksten. Det handlar om ikkje å ta merksemd frå kjernen av låten. Det har han absolutt lykkast med.» Dei lytta til Stein Torleif Bjellas Gode liv, eit av albuma han var nominert for, og sa: «Det læt supervelprodusert.»

– Kva er du sjølv mest fornøgd med å ha produsert?

Han ser på Ingmar, som leikar med pinnar, og tenker seg godt om.

– Eg er alltid fornøgd når vi har fått til eit godt samarbeid. Og så er eg stolt av den siste plata til Gallowhill, Porn Hearts, og den siste plata til Sirens and Us, Cutting Edge Love Songs.

Her må det seiast at Sirens and Us, som består av Ingebrigtsen, Eirik Øien, Morten Strøm og Kjetil Bremer, hausta godord då dei gav ut The Trap i 2010. BBC spelte dei flittig. Men han er altså mest stolt av plate nummer to, som nesten ingen har høyrt om.

Gallowhill, som består av han, kona og eit par andre, er ikkje mindre ukjent. Men kanskje den nye plata, som kjem i haust, blir lagd merke til?

– Vi lagar jo ikkje pop, skyt kona inn.

– Musikken vår er vanskeleg å plassere.

Ho kjem med lunsj til Ingmar, som set seg ved hagebordet og hiv innpå.

– Men de blir vel skuffa når de går folk hus forbi?

– Det er kjedeleg, når ein har lagt ned mykje arbeid i ei plate, ikkje å få respons, vedgår Ingebrigtsen.

– Men vi kan ikkje tenke på det. Vi veit jo at musikken vi lagar, er dritbra.

– Vi gjer det fordi vi brenn for det, seier kona.

Avantgard

Marita Vårdal Igelkjøn, heiter kona, og ho er utdanna klassisk pianist. Dei to møttest via Stein Torleif Bjella, omtrent då Vonde Visu kom ut, i 2011. Ho spelte på tre av platene hans – piano, keyboard, trekkspel, melodica, sag – og på turnear. Ingebrigtsen var teknikar eller produsent på fem av platene, pluss at han ofte stod på scena, han òg.

– Marita er ein multi­-
instrumentalist. Ho lærte seg nye songar og instrument på strak arm, og ho var morosam å henge med. Ho var den perfekte våpendragar, seier Bjella til Dag og Tid.

Ingebrigtsen kallar han «ekstremt dyktig, leiken, open, avantgard og smakfull».

– Han trakterer ei røys med instrument, og heile det store leidnings- og knappehavet i studio sørgjer for trygg styring og sørgjer for at andre får skine, fortel Bjella.

Igelkjøn og Ingebrigtsen blei eit par etter mange lange samtaler om musikk, og dei utfyller kvarandre. Mens han er sjølvlærd frå trønderrockbyen Namsos, er ho høgt utdanna klassisk pianist frå folkemusikkfestivalbyen Førde. Ho samla på rare instrument; han sat i kjellarstova og spelte inn musikk mens resten av familien dreiv butikk. (I dag driv dei sju Elkjøp-butikkar.)

– Bestemor mi, Anny Amdal, lærte meg å spele gitar, elgitar òg, fortel Ingebrigtsen.

Men han ville meir enn spele og synge. Før han var 20 år, hadde han produsert plater for fleire lokale band, som Jamesband, som ifølge musikkavisa Panorama hadde «talentet, melodiene, trøkket og ikke minst gitarene til å nå lenger enn til Heimdal stasjon». Han laga plate i lag med Askil Holm og samarbeidde med produsent Kjartan Kristiansen, kjend frå blant anna DumDum Boys, som snart pusha han til å produsere sjølv.

Igelkjøn, derimot, hoppa av pianistkarrieren.

– Det var så seriøst, med nervar og konkurranse. Eg begynte heller å spele kabaretmusikk i Ensemble Fanfaronner. Då blei musikken kjekk igjen.

I dag er ho frilans musikar og lærar i kulturskulen.

– For tida er eg meir mor enn musikar. Bård skal sleppe å måtte skunde seg heim. Når han er opptatt med eit prosjekt, skal han få rom.

Samtidig trekker han ofte kona inn i arbeidet sitt. Ho speler for eksempel sag på dødmetallbandet Goat the Heads plate av året. Det læt «melodiøst, dog urovekkende», som bandet sjølv sa i eit intervju.

– Det er jo ikkje så mange sagspelarar her i landet, seier han.

Vedunderleg skrullete

Ein kan spørje seg om dei ikkje blir leie kvarandre.

– Det er rart at det går, flirer han.

– Vi er heldige, for vi kranglar ikkje, seier ho.

Det er godt, når ein turnerer med barn og barnevakt på slep, slik dei har gjort med Moviestar, der dei speler instrument dei ikkje kan, som dei seier: Ingebrigtsen speler trommer, Igelkjøn speler gitar og Victoria Winge – ja, skodespelaren – syng.

Kritikarar trekker fram originaliteten og den latterlege bakgrunnshistoria: Trioen kjem frå framtida og blei sende til verdas tryggaste stad, Noreg, for å redde verda. Dei er «vedunderleg skrullete» og har «litt av eit rykte når det gjeld å halde minneverdige, eksplosive konsertar», skreiv Fortitude Magazine.

– I England er folk meir responderande. Dei hoppar og dansar. I Noreg veit ikkje folk korleis dei skal reagere. Er det lov å synest dette er bra, liksom? Er det lov å le?

Det ville funka på festivalar, meiner dei.

– Men det er vanskeleg å få innpass.

– Og meldarane er borte. Journalistane skriv ikkje om kultur lenger.

Uansett kom andreplata ut i ei tid då det ikkje har vore mogleg å turnere.

– Ho gjekk under radaren.

– Då må vi berre spele inn ei ny.

– De drøymer vel om å bli stjerner, inst inne?

– Vi prøver ikkje å eksponere oss, seier Ingebrigtsen.

– Men du ser kven som får vise seg fram på Stjernekamp, Lindmo og slikt noko: dei som alt har eit namn. Det er ikkje plass til dei som står på sidelinja. Då blir det desto viktigare å få kred i dei rette foruma.

Fullenda prosjekt

I dag konkurrerer etablerte musikarar med ungdom som sit heime og lagar musikk som dei promoterer via sosiale medium og strøymetenester. Boy Pablo og Girl in Red, for eksempel, fekk millionar av lyttarar etter å ha lagt ut såkalla soveromspop. Har ein flaks, blir ein fanga opp etter første låt. Andre må gi ut mange plater før noko skjer. Og så må ein vel vere eigenrådig?

– Kan ikkje artistar vere ganske vanskelege å samarbeide med?

– Det har hendt at det ikkje fungerer. Då har eg trekt meg ut. Dei vernar om sitt. Det er deira verk. Og eg er ikkje interessert i å sette for stort fotavtrykk. Eg skal berre hjelpe dei. Det er det som er artig: bli presentert for låtane deira og finne ut korleis vi skal støtte dei opp. Kor skal vi? Kva arrangement og instrumentering vil vi ha? Og sjølv om ein jobbar med vaksne folk, må ein av og til ta på seg ei onkelrolle, klappe dei på skuldra og pushe dei. Ein må komme inn på dei.

Kanskje lønte det seg å studere psykologi, då, slik Ingebrigtsen har gjort.

– Ja, meir enn astronomi, som eg òg tok. Og så har eg ei treårig IT-utdanning, men eg tok ikkje den siste eksamenen, og det var med vilje. Familien ville at eg skulle bli noko, men nei, tenkte eg. Fullførte eg, blei eg det eg ikkje ville vere: ein IKT-kar.

– Men du har vel hatt nytte av IT i musikkproduksjon?

– Programmering og sånt? Å nei. Men det var godt å ha studielån; eg fekk halde på med musikk. Og så tok eg grafisk design. Det har eg hatt nytte av i arbeid med videoar og plateomslag.

Her kunne han nemnt at musikkvideoen til Gallowhills «Tired Man» var nominert til Kortfilmfestivalens musikkvideopris i 2015, men nei, han legg heller ut om ein torso av tape som prydar Cutting Edge Love Songs. Ei anna plate, Moviestars The Curse and The Currency of the Twenty-First Century, er pryda med eit bilde av Mike Winkelmann, alias Beeple, som har laga omslag for artistar som Justin Bieber og Eminem.

– Eg skreiv og spurde om eg kunne få bruke det, og tenkte at viss eg fekk svar, ville det bli dyrt. Veit du kva han skreiv? «Smash that shit for free, homie

– Det ironiske er at plata handlar om tida vi lever i, kjem det frå kona.

– Ho handlar om dagens verdiar: talet på snaps og likes.

– Sånn sett var det perfekt at ho gjekk under radaren, seier han.

– Men du må jo tene pengar?

– Berre i fjor gav eg ut to eigne plater: Men of Earth-plata (bikers), der målet var å lage skikkeleg stygg musikk. Kald, klein musikk. Det blei veldig bra. Og så var det denne …

Han viftar med The Curse and The Currency of the Twenty-First Century.

– Med tanke på tittelen var det er eit fullenda prosjekt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det er kjedeleg, når ein har lagt ned mykje arbeid i ei plate, ikkje å få respons.

– Det har hendt at samarbeidet ikkje fungerer. Då har eg trekt meg ut.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis