JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Marie Lovise Widnes (1930-2021)

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Stortingsarkivet

Foto: Stortingsarkivet

3648
20211126
3648
20211126

Marie Lovise Widnes vart fødd 1. november 1930 i Syltedalen i Vanylven og døydde 19. november 2021 med familien rundt seg.

Me har mange sterke og gode minne etter Marie Lovise Widnes. Eitt av dei er frå då Mållaget og Målungdomen inviterte til demonstrasjon for sidemålsordninga i høve landsmøtet til Mållaget i Ålesund i 2004. Det var mobilisert om lag 500 elevar og vaksne frå heile Sunnmøre. Side Brok skulle spele, og stemninga var god. Men det var fyrst då Marie Lovise Widnes, som allereie då var ei litt eldre dame, gjekk på scena, at det vart kveik i ungdomane. Etter hennar appell var få i tvil om at stortingspolitikarane skulle få problem med å vedta å fjerne eksamen i sidemål på ungdomsskulen og gjere sidemålet om til trekkfag i vidaregåande skule.

Marie Lovise Widnes var på sitt fyrste landsmøte i Mållaget allereie i juli 1950. På nyårsaftan i 2019 hadde Vikebladet Vestposten på trykk eit ungdomsminne ho skreiv frå denne hendinga. Ho vart invitert til mållagslandsmøtet på ein bytur i Ålesund. Ho skriv så levande om kor stort det var for ei ung jente å høyre talar og innlegg i debatten. Ho fekk vere med på festmiddagen på Aksla same kvelden. Det var fyrste gong ho var på restaurant, og der sat ho mellom målfolk og fekk ete nydeleg suppe. Ho fortel vidare at ho fekk så dårleg samvit for mor si, som sikkert kom til å bli livande redd for henne. Så ho sprang ned alle trappene for å fortelje mora, som sat oppe og venta på henne, om korleis det var. Så sprang ho med lette steg opp att alle trappene, og fekk med seg desserten, meir allsong og stas.

På festmiddagen i Oslo rådhus i høve hundreårsjubileumslandsmøtet 56 år seinare vart Marie Lovise Widnes utnemnd til heidersmedlem i Noregs Mållag.

Ho vaks opp, som så mange andre, i små kår og med hardt arbeid og lite pengar. Ho byrja i ungdomslaget som 14-åring, og heilt frå tidleg ungdom var Marie Lovise målkvinne. Fordi ho vaks opp den tida ho gjorde, var det ikkje mange vegar til utdanning for ei ung jente frå eit mindre småbruk i distrikta. Då ho var 19 år, song ho for Einar Gerhardsen på eit møte i Ulsteinvik, og han såg kva slags talent som var i henne. Han ordna det slik at ho fekk eit opphald på ein folkehøgskule knytt til arbeidarrørsla. Det vart den einaste utdanninga ho fekk utover åra i folkeskulen.

Ho skreiv songen «Gangdøra» allereie då ho var 19 år. Den skulle seinare gjere henne nasjonalt kjend då ho gav han ut på singelplate i 1957. Det vart ein radioslager av dei sjeldne.

Ho har hatt fleire roller i politikken. Ho var radikal og solid planta på venstresida i politikken. Ho stod trygt i dette samtidig som ho var kristen. Ho var vara til Stortinget for Arbeidarpartiet frå 1954 til 57. Etter EF-kampen på 70-talet valde ho seg SV. Etter brakvalet til SV i 1989 vart ho stortingsrepresentant frå Møre og Romsdal SV.

Livet hennar var mangfaldig, med ein levande nynorskidentitet heile livet. I politikken tok ho fleire tak for nynorsken, og ho var også aktiv i Mållaget. På slutten av 90-talet og starten på 2000-talet såg ho at Sunnmøre Mållag trong henne. Då vart ho fyrst medlem i styret frå 1998 og leiar frå 2000 fram til 2005. Ho stilte opp når ho vart beden om det, og sa ja då målungdomen aksjonerte i valkampen i Ålesund i september 2001 og dei bad Marie Lovise Widnes om å halde appellen. Då Marie Lovise Widnes fylte 80 år, skipa Vanylven Mållag og Vanylven kommune ein fest av ein kulturkveld til ære for henne.

Gjennom eit aktivt liv som politikar, forfattar, diktar, songar og ikkje minst målkvinne vart ho ein institusjon i seg sjølv.

Synnøve Marie Sætre

fungerande leiar i Noregs Mållag

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis