JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

wikicommons

wikicommons

3275
20170407
3275
20170407

EUs kulturminnepris 2017

To norske prosjekt får EUs kulturminnepris 2017, melder riksantikvaren. Kongevegen over Filefjell vinn pris i kategorien «Bevaring», medan Norsk Fyrhistorisk Forening får pris i kategorien «Spesiell innsats». EUs kulturminnepris / Europa Nostra Awards vart skipa i 2002 av EU-kommisjonen i samarbeid med Europa Nostra. Prisen gjer ære på dei beste resultata knytte til kulturarv innanfor bevaring, forsking, friviljug innsats, utdanning og kommunikasjon. Prisutdelinga skjer i Turku, Finland 15. mai. Det er i år 29 prisvinnarar frå 18 land.

Om kongevegen heiter det hjå fagjuryen: «Ved å invitere dyktige handverkarar frå Nepal og Tyskland inn i prosjektet, har kontakten mellom desse ekspertane og Norge vorte etablert, og dermed har tradisjonelle handverk og teknikkar kome fram att og vorte delt på ein naturleg måte», medan dei seier dette om den andre vinnaren: ”Engasjementet til Norsk fyrhistorisk forening for bevaring av fyr har endra korleis folk ser desse bygningane som kulturminne til fellesskapen, og liketil lukkast med å få denne viktige delen av norsk kulturarv inn i skulepensum».

Marcel Proust på film

Ein filmsnutt med den franske forfattaren Marcel Proust er funnen. Marcel Proust (1871–1922) er ein av dei største forfattarane i verdslitteraturen. Han skreiv romansyklusen À la recherche du temps perdu – på norsk: På sporet av den tapte tid.

Fram til no har berre svart-kvitt foto vore kjende av franskmannen, men no har det dukka opp ein snutt «levande bilete» av han. Filmen det er tale om, er frå 1904 og vart teken i høve bryllaupet til Armand de Guiche og Elaine Greffulhe, dotter av grevinne Greffulhe. Elaine Greffulhe var ikkje berre aristokrat, ho var gift med ein av Prousts beste vener og var modell for romanfiguren Oriane de Guermantes – som er ein av over to hundre personar som Proust portretterer i den tusen sider lange romanserien.

Midt i rekkja av vørdelege menn i flosshatt med kvinnefylgje i lange kjolar ser du brått ein mann med ein liten snurrebart og bowlerhatt skunde seg ned troppa – det er forfattaren, den gong var han 33 år og hadde enno ikkje hatt gjennombrotet sitt. Det kom i 1922, like før han døydde.

Pepsi trekkjer attende reklame

Ein ny reklamefilm frå Pepsi som hadde realitystjerna Kendall Jenner i hovudrolla er trekt attende berre dagen etter at han vart lansert. Grunnen: totalslakt i medium. Filmen viser ungdom som er i gang med politisk protest og som danar ein protestmarsj i gatene. Kendall Jenner er rett i nærleiken, sjølvsagt som modell på fotoshoot. Ho får auga på aksjonen, og skundar seg for å vera med. Så ser vi Kendall gje ein boks Pepsi Max til ein politimann som held vakt. Politimannen tek ein slurk, ser på sidemannen sin og smiler, og Kendall og folkemassen jublar.

Ja, slik er det i reklameverda, men slik er det ikkje i røynda, for reklamen vekkjer atterklang til rørsler som Black Lives Matter. Avslutningsscena har vorte jamførd med eit bilete som vart teke i fjor av Black Lives Matter-aktivisten Ieshia Evans . Mellom andre har Lena Dunham og Martin Luther King Juniors dotter, Bernice King, reagert negativt på reklamen. Pepsi har orsaka for bommerten – dei vil ikkje bagatellisere eit alvorleg tema, heiter det – og trekt filmen attende.

ronny@dagogtid.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

«Etisk sett balanserer man ofte på en knivsegg. Jeg håper bare inderlig at jeg alltid har falt ned på rett side», seier pressefotograf Harald Henden.

Foto via Fritt Ord.

ArbeidSamfunn

Fritt Ords pris for 2024

«Når jeg setter mitt navn under et fotografi, skal leserne kunne stole på at innholdet er korrekt, det trengs ikke ytterligere verifisering. Mitt navn skal være knyttet til sannhet.»

Les talen som prisvinnar og VG-fotograf Harald Henden heldt ved tildelinga av Fritt Ords Pris i Operaen 7. mai 2024.

HaraldHenden

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis