JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1817
20170616
1817
20170616

Lukt og ange har ei eiga evne til å vekke opp minningar om tidlegare tider og opplevingar. Eit sterkt poetisk døme på korleis luktesansen løyser ut djupe, umedvitne minne, er opningsorda i Emil Boysons dikt «Dryadens hind»: «Et øyeblikks duft av violer slog op fra den blødende jord [...] / En kvinne som gled forbi, et gys av gjenvåknet minne! / Mine sansers erindrende skrekk blev levende, lik en hind / som reiste sig av mitt sind».

Knut Hamsuns «Skjærgaardsø» skildrar ei liknande oppleving. Her er det ikkje minnet om ei kvinne, men om ein evigvarande naturtilstand av total ro og harmoni, som vert atterreist. I ei glidande rørsle siglar dikt-eg-et om bord i ein båt fram mot ei sumargrøn øy der blomane er levande og ser han kome. Gjennom møtet med dei opplever han korleis han med dei indre kjenslene sine kan tala med naturen i eit «sælsomt», kviskrande, barnleg og skuldlaust språk. Skildringa vekkjer minningar om Edens hage og peikar mot dette som eit déjà vu, ei gjenoppleving som ikkje kan forklårast på rasjonelt vis. Især manar angen av kvit spirea fram minnet om å ha levd i «Tidens Morgen», ein tilstand der menneske og natur ein gong var eitt. Så sterk er opplevinga at medvitet sløkkjer ut og mennesket fell i søvn. Diktet endar med full samansmelting, i ein tilstand Hamsun kallar «Nirvana».

Nirvana er elles i religiøs og filosofisk samanheng ei nemning for total harmoni, ro og frigjering, der det ikkje lenger finst individuelt medvit og der all uro og omskifting for alltid er borte. Ordet kan difor synast velvalt. Men samanstellinga «Nirvanas Bulder» må kome av rein rimtvang («Skulder / Bulder»). Kva har larm, spetakkel og rumlelyd å gjera her? Brått forsvinn all kjensle av still kviskring og evig fred. Korleis kunne ordkunstnaren Hamsun få seg til å skrive noko slikt?

Vigdis Ystad

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis