JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Stotrande modig debutant

Jon Fosse hadde fått avvist tekster på fleire forlag då han våren 1983 debuterte på Samlaget med romanen Raudt, svart.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Åslund og Fosse fyrer opp før møtet med Bonnier. Då Tusvik hadde permisjon frå 1991, fekk Jon og Trygve så god kontakt at somme frykta at forfattaren ville bli med til Aschehoug då Åslund vart henta dit. Då undervurderte ein Fosses lojalitet til Samlaget og nynorsken.

Alle foto: Sverre Tusvik

7741
20231013
7741
20231013

Ein god forlagsredaktør kan bli endå betre om han veit å nytte gode konsulentar, og på Samlaget hadde vi fire framståande, som alle signerte fråsegnene med fullt nam: Kjartan Fløgstad, Paal-Helge Haugen, Eldrid Lunden og Einar Økland.

Trass i mi nærast ukritiske respekt for alle fire, overprøvde eg eit råd om utsetjing frå ein av dei. Manuset med dei repeterande og insisterande setningane sende eg då til norskprofessor Otto Hageberg. Den eldste viste seg å vere yngst, men også han gjekk inn for monaleg nedkorting.

Jon har angra på at han gjekk med på fleire omgangar med omredigering, og vi har seinare lettsindig lova at om han nokon gong fekk ein større pris, skulle vi gi ut den opphavlege bruttoteksten. Etter Nordisk råds litteraturpris og Nobelprisen i litteratur vonar eg han gløymer å minne forlaget på dette.

Fosse har avslørt at arbeidstittelen på debutromanen gjekk frå Inst inne i fjorden via Påskelammet til Raudt, svart. Til fransk mellomfag stod Stendhals Rødt og svart (Le Rouge et le Noir) frå 1830 på pensumlista, og eg tok feil då eg på flinkt vis trudde Fosse med sitt hovudfag i litteraturvitskap under frankofile Atle Kittang hadde denne tittelen som nøkkel.

Likeins var det mislukka då eg djupt overflatisk freista utveksle tankar om Husserl, Heidegger og Wittgenstein, som vi begge hadde studert då vi tok grunnfag i filosofi. Derimot burde vi og bokmeldarane ha festa oss ved at Fosse hadde sett eit diktsitat frå den svenske modernisten Gunnar Ekelöf som motto i debutromanen.

Vi var meir med då Fosse valde eit paradoksalt Adorno-sitat som motto då den andre romanen hans, Stengd gitar, kom i 1985. Den dystre «vanskelege andreboka» hadde fleire gjentakingar og ein meir hektisk rytme enn debuten. I grannelandet var Fosse blitt ein litterær kultfigur i visse miljø, og då boka kom på svensk i 1988, oppnådde romanen kritikarsuksess og eit langt større sal enn på norsk.

Stor i Sverige

Pressemeldingar er krevjande tekster, og stundom vil ein forleggjar streve med å vere meir på høgd med forfattaren enn å nå bokhandlarar og lesarar. Dagbladets Fredrik Wandrup var eit år hyra inn for å gi oss redaktørar på fleire konkurrerande forlag konstruktiv kritikk om dei såkalla «vaskesetlane» vi hadde meisla ut.

Han leverte ein drepande kritikk av min altfor sublime og innforståtte tekst om ein ny Fosse-roman. Skriv heller: «Stor i Sverige, ukjend i Noreg!» «Men det skreiv eg jo sist», repliserte eg. «Det må repeterast så lenge det er sant!» spådde Wandrup.

I dag er alle Fosses prosabøker omsette til svensk, men det tok mange år før dei tok ein ny roman. Ein av dei svenske forfattarane som tidleg hadde sansen for Jon, var Ola Larsmo, som på 1980-talet var redaktør av BLM (Bonniers Litterära Magasin). I nokre år prøvde vi på Frankfurtmessa å overtyde Bonnier, men vi lukkast først då Trygve Åslund og eg i 1992 tok med Fosse til Stockholm.

Åslund var tilsett som vikar i min permisjon, og saman med Larsmo møtte vi opp hjå ein ubestikkeleg profesjonell redaktørkollega på Bonnier. Vi antyda at vi derifrå skulle by fram Fosse til forlagskonkurrenten Norstedts. Det enda i ein uortodoks bytehandel: Mot at vi tok Larsmos ferske novellesamling Stumheten, tok dei ei ny Fosse-bok.

Larsmos noveller kom på Samlaget i 1992, omsette av Finn Øglænd, og fekk den noko krøkkete tittelen Teiing, stumhet, togn. Omslaget var dominert av eit lastebilvrak amatørfotografert av redaktør Tusvik. Også andre titlar fekk på denne tida mine honorarfrie omslagsfoto, men den stramme samlagsøkonomien hadde mindre sjarmerande sider. Såleis måtte Fosse tilby seg å gi avkall på royalty då han i 1989 fekk gi ut den første essaysamlinga si, Frå telling via showing til writing.

I denne og seinare essaysamlingar kjem Fosse med kritikk av Kjartan Fløgstads litteratursyn. Dei kritiske merknadene stod først på trykk i hefte 4/1983 av bladet Folkemål, og det var heller få som hadde merka seg denne bokmeldinga av U3 i den vesle avisa til Norsk Målungdom. Same haust framførte han kritikken i eit endå mindre forum, til gjengjeld gjorde han det andlet til andlet med Samlagets då mest profilerte forfattar.

«Farvel Norge?»

Kaj Skagen hadde med oppgjersboka Bazarovs barn i 1983 hatt ein gedigen salssuksess og utløyst ein langvarig litteraturdebatt. Sjølv om Dagbladets Arne Skouen provoserande feilaktig hadde stempla Kjartan Fløgstad og Einar Økland som m-l-forfattarar, ville andre i den avisa gjerne vite kvar desse markante nynorskforfattarane stod.

Den ofte kontrære Einar Økland hadde halde foredrag om at det meste og beste var sagt om ein tagde. Hans internt konstruktive framlegg var at samlagsforfattarane skulle emigrere. Under overskrifta «Farvel Norge?» inviterte då forlagsredaksjonen 20 forfattarar og litteratar til eit kritisk og oversjøisk litteraturseminar til kontinentet.

På pressekonferansen før avreisa med Kielferja var vi 14 forfattarar og forlagsfolk som i to minutt lydig følgde Øklands oppfording om «talande teiing». (Ingvar Moe sa det var arrogant, og braut togna.) Jan H. Landro frå Bergens Tidende fekk som den einaste av dei frammøtte kulturjournalistane vere med til Kiel og tilbake. Dagbladets Terje Mosnes stod ikkje snurt att på kaia, men sytte for at den aktive teiinga i alle høve i hans avis fekk eit fleire spalters oppslag.

Seminardeltakarane måtte stille med førebudde skriftlege innlegg, men utanom professorane Otto Hageberg og Dag Østerberg skulle berre Kjartan Fløgstad framføre sitt. Sosiologiprofessoren freista fånyttes å provosere oss ved å gå inn for norsksvensk union med svensk som riksspråk og Göteborg som hovudstad.

Utanfor var det meldt liten storm etter at vi hadde passert Færder fyr, men korkje Marit Kaldhol, Eldrid Lunden, Per Olav Kaldestad, Ottar Grepstad, Oskar Stein Bjørlykke eller Torvald Sund kjende seg uvel under Fløgstads innlegg.

Men då Jon Fosse i ein stotrande og likevel velforma replikk gjekk mot det meste Kjartan hadde sagt, var forlagskameleonen Tusvik livredd. Eg skulda på sjøsykja då eg straks etter gjekk til lugaren eg delte med Ragnar Hovland. Forsamlinga fekk likevel med seg at Økland applauderte og sa det var framifrå at forlaget hadde fått ein debutant som viste strategisk mot og evne til å opponere.

Fosses raptus

Då Tom Remlov og Kai Johnsen var med på å forløyse og foredle Fosses forvitnelege dramaraptus, var det i 1990-åra redaktørkollega Trygve Åslund som fekk gleda av å redigere Fosse. Kontakten og kjemien dei imellom vart så god at somme frykta Fosse skulle bli med då Åslund vart hanka inn til stilling i Aschehoug.

Men då undervurderte ein Jons grunnfesta lojalitet til Samlaget og det nynorske prosjektet. Og med Cecilie N. Seiness som hans forlagsredaktør og nærast personlege biograf (Jon Fosse. Poet på Guds jord, Samlaget 2009) er forfattarskapen hans seinare blitt varveitsla på beste vis.

Fruktbar sjenanse

Elisabeth Armand var i mange år ein legendarisk og effektiv leiar av bergensavdelinga av Norsk Forfattersentrum. Med myndig entusiasme involverte ho mange av Samlagets forfattarar på dei årlege litteraturdagane.

Hausten 1983 kom ho med eit hjartesukk i telefonen: «Nå har omsider de fleste tødd såpass opp at sjenansen ikke virker lammende. Men så kommer dere med et nytt forfattertalent som er så hemmet på scenen at vi tror vi må engasjere skuespillere for å fremføre tekstene!»

Frittalande Armand vart jo sannspådd, om det enn skulle gå 10–20 år før tekstene frå Fosse vart ei gåve som sysselsette skodespelarar på 58 språk på tusentals teaterscenar over heile verda.

Sverre Tusvik

Sverre Tusvik er tidlegare sjefredaktør i Samlaget.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis