Litteratur
Med eit annleis perspektiv på historia
Når ein stiller inn kikkertsiktet litt annleis, dukkar det opp andre historier, erfarte Mona Ringvej då ho skreiv sin versjon av noregshistoria.
Mona Ringvej er historikar.
Foto: Spartacus
Mona Ringvej fortel at ideen til Landet mot nord. 1000 år. 22 personer. Én historie blei drodla fram mellom henne og forlagsredaktøren, som ønskte seg ei bok om norsk historie gjennom dei siste tusen åra. Det var ikkje historikaren klar for, men etter kvart fann dei løysinga – ei framstilling av perioden sett gjennom 22 personar.
– Kva la du vekt på då du valde ut desse personane?
– Eg ønskte å fortelje historia frå ulike vinklar, men måtte ta omsyn til kva stoff som fanst. Undervegs oppdaga eg òg folk som eg heller ville ha med enn dei eg først hadde tenkt. Slik forsvann til dømes den mest opplagde av dei alle, dronning Margrete, til fordel for andre kvinner i perioden, som Jostedalsrypa. Men dronninga speler likevel ei stor rolle i kulissene, sjølv om ikkje det å vere viktig var eit avgjerande kriterium. Eg ville at denne vesle rørsla framover i tid skulle sneie innom ulike karakterar. Ingen av dei 22 er sjølvskrivne, dei aller fleste kunne vore bytte ut.
– Du har ikkje gjort det lett for deg ved å velje fleire personar det knapt finst kjeldemateriale om?
– I stor grad har eg vore drive av lystprinsipp. Har eg fått ferten av at her kan det liggje noko eg kan fatte interesse for, og det treng ikkje vere så mykje, så har eg prøvd å grave i det.
Forfattaren medgir at valet av «kjeldefattige» kandidatar også kunne gi henne større fridom. For der somme personar er historisk viktige, som Olav Haraldsson og Olav Kyrre, tener andre som representantar for ein periode eller eit historisk fenomen. Ved å velje Jostedalsrypa fekk ho sagt noko om både svartedauden, 1300-talet og betydninga av munnlege segner og tradisjonar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.