JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Fane­beraren

Så har Jon Fosse fått Nobelprisen i litteratur. Kjem det til å ha noko å seie for utbreiinga av nynorsk?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3339
20231013
3339
20231013

Då eg høyrde at Jon Fosse hadde fått Nobelprisen i litteratur, spola eg straks to, tre og fire år fram i tid. Då har alle som ikkje hadde høyrt om Fosse i 2023, lese bøkene og stykka hans, frå Sør-Amerikas sørlegaste spiss til det nordaustlegaste Asia.

Ja, nynorsk har kort sagt vorte eit verdsspråk! Framtida er lys. Men kvifor er eg nær ved å misse bakkekontakten på grunn av ei minoritetsmålform i eit land med ein forsvinnande liten del språkbrukarar i verdssamanheng, i crescendoet av sjampanjekorkane som poppar i nynorskmiljøa?

Omsetjarane skal få mykje å gjere framover, for lesarane i Nairobi, Sapporo, Kyiv og São Paulo kan ikkje få lesaropplevinga på originalspråket. Eller den originale målforma, som jo nynorsk er. Har nobelprisen eigentleg noko å seie for nynorsken?

Den norske ærekjensla, dels smålåten, dels sjølvgod, har brusa gjennom Noreg den siste veka, då Noreg endeleg fekk Nobelprisen i litteratur att, om lag samstundes som statsbudsjettet vart lagt fram. Ja, eit augeblikk var det nesten så vi gløymde Erna og Sindre. Ein meldar proklamerte tilmed at Noreg har to språk og nynorsk er det eine. Der forsømde ho seg. Samisk og norsk er dei offisielle språka i kongeriket.

Av di språk både er makt og kan innebere maktbruk, er undertrykking og utrydding av språk viktig for makthavarar, særskilt i krig. Det finst tallause eksempel på at folk og kulturar har vorte forsøkt knebla eller lidd ein sakte død ved at språkforbod har vorte innført. Her er det nok å nemne korleis fornorskingspolitikken i Noreg i periodar forbaud samisk og kvensk språk i kyrkje, skule og skuleinternat.

Den nynorske målforma har ikkje vore forboden, men rynka på nasen av i mange miljø («Spynorsk mordliste» hadde eg i skulesekken i mange år), men nynorsken har heva seg over det og likevel blomstra blidt og smilande. Diskusjonen om kva kultur nynorsken ber fram eller kjem frå, skal eg la liggje.

Dei samiske språka er truga, men dei lever, har levd, skal leve, men meir som løvetanna gjennom asfalten. Asfalten er hard. Han stel mykje krefter frå noko som skal leve fritt og utvunge, kjenne vinden og spreie frøa sine med han.

Tenk kva ein internasjonal pris kunne gjort for eit lite språk her i verda! Kan hende små språk og målformer kler kvarandre? Jon Fosses stykke Leve hemmeleg vart omsett til samisk og framført over heile verda for ti år sidan. Sjølv om språk må omsetjast for at fleire skal skjøne orda, kan sjølve litteraturen romme heile verder, heile liv, andre meiningar og teikn enn du nokon gong anar, kjenner, utan nettopp desse andre forteljingane. Utan dei andre forteljingane kan vi menneske aldri forstå kvarandre, i alle tydingar av ordet. Difor har vi bøker, difor har vi kunst.

I utlandet har ikkje Nobelprisen i litteratur noko å seie for den nynorske målforma, men her heime kjem kan hende fleire til å oversjå kva målform historiene blir framførte på, og ja, berre lese. Du Fosse, du Fosse, du er ikkje ein krigar, men du ber den nynorske fana fremst i toget no.

Susanne Hætta

Susanne Hætta er forfattar, fotograf, kunstnar
og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Av di språk både er makt og kan innebere maktbruk, er undertrykking og utrydding av språk viktig for makthavarar, særskilt
i krig.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis