JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Å hoppe etter seg sjølv

«Maria Parr er norsk barnelitteraturs superstjerne», skryter Samlaget både her og der. Då bør det vere sant.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Maria Parr er aktuell med ein ny roman for barn.

Foto: Julia Marie Nagelstad

8119
20230811
8119
20230811

Litteratur

marita@dagogtid.no

Det begynte med Vaffelhjarte (2005). Historia om Lena Lid og vennen Trille i den vesle bygda Knert-Mathilde blei òg ein populær TV-serie med Odd Nordstogas «Bestevenn» som tittelspor.

Så kom Tonje Glimmerdal (2009), som har gitt Parr endå fleire lesarar og ei lang rekke prisar, og som blei dramatisert av Det Norske Teatret, med stor suksess, og Den Nationale Scene, pluss at Sveriges Radio laga julekalenderserie av boka.

Deretter kom Keeperen og havet (2017), ein frittståande oppfølgar til Vaffelhjarte. Og ja, som meldaren i Aftenposten skreiv: «Klokt, vakkert og gripende: (…) Parr er tilbake og overgår seg selv.»

Alle dei tre bøkene er utgitte i USA og Storbritannia, noko som er svært sjeldan for norske barnebøker. Parr er elles omsett til over 30 språk, og ho har, slik A.A. Milne, Gunilla Bergström og Astrid Lindgren gjorde det, gitt oss replikkar som sit: «Å sakne folk er den finaste triste kjensla som finst», «Heldigvis har alle menneske bursdag», «Av og til er det eit herk å vere barn», «Vaksne folk skulle ikkje vore oppfunne», «Tenk alt vaksne kan ordne når dei berre vil».

Kvardagen

Parr får ros for replikkunsten, for språket og for humoren, og meldarane framhevar relasjonane ho skildrar. Det mellom- og medmenneskelege. Som Kirkus skriv om Adventures with Waffles, som Vaffelhjarte heiter i USA: «Filled with both rollicking escapades and poignant moments, Parr’s notable tale portrays a young boy’s heartfelt appreciation of family and friends

– Skjønte du at du sat på gull den gongen?

– Nei, eg var ung, 24 år, og eg studerte nordisk, så eg visste kor mykje bra som fanst der ute. Det eg hugsar, er kor forundra eg var over at eg kunne skrive om miljøet mitt og kvardagen min, som eg tenkte var vanleg og kjedeleg. At andre kunne sjå på dette som spennande, var svimlande, seier Parr, just heime etter å ha levert toåringen i barnehagen, mens dei to eldste framleis har sommarferie og hindrar henne i å ha eit heilt vanleg arbeidsdag, som for tida er vigd ei ny bok: Oskar og eg – alle plassane vi er.

Lindgren og Spyri

Maria Parr bur der ho vaks opp: i Vanylven, i same typen landskap og bygdemiljø som vi møter i bøkene hennar. Det var her ho begynte å skrive, på ungdomsskulen.

– Frå tidleg av dikta eg opp figurar som eg fortalde dei yngre søskena mine om. Då eg skreiv ei oppgåve om Astrid Lindgren, gjekk det opp for meg at det kunne bli litteratur av figurane mine.

Det rimar, då, at Parr ofte blir samanlikna med Lindgren, slik Publishers Weekly gjer i omtalen av Astrid the Unstoppable, som Tonje Glimmerdal heiter på engelsk: «Fans of Pippi Longstocking and the Moomins will delight in Parr’s indomitable Astrid

Parrs unge hovudpersonar kan minne om Pippi og Emil, ikkje minst. Dei hoppar i det, er rappkjefta og har temperament, men kan bli melankolske. Dei er glade i heimen og staden sin, sjølv om han ikkje er feilfri. Dei har få, men viktige venner. Dei er ute og flyr og blir sjølvstendige, slik vi vaksne meiner ungar bør.

Og slik Pippi, Emil og Tjorven har høgst ulike liv, har Lena, Trille og Tonje det. Tonje bur i lag med far sin og seier «fy flate»; Lena bur i lag med mor si og seier «søren ta». Lena har ein sjenert gut, Trille, som bestevenn; Tonje har «ein gammal gnaur», Gunnvald, på 74 år.

«Pippi Longstocking meets Heidi», skriv Penguin Random House i omtalen sin, fordi historia om Tonje ikkje er ulik Johanna Spyris Heidi, der relasjonen mellom ei jente og ein eldre mann står sentralt. Det dreier seg om svik og lengsel, kjærleik og vennskap, mellom barn, mellom barn og vaksne og mellom vaksne. Og som ein av Parrs figurar seier, der han «er ute og snurrekøyrer med rullatoren sin» og «smattar snusen på plass»: «Det er aldri barna sin feil.»

Fargeteikningar

Oskar og eg – alle plassane vi er handlar om søskena Ida og Oskar, ei mor og ein far og dei små stadene ein er knytt til i oppveksten: gangen, stova, skulen, nabohuset, akebakken, hytta i treet, skapet. Rommet, ikkje minst, og senga. Samanlikna med dei første bøkene ligg handlinga i Oskar og eg tettare på ein vanleg kvardag, forklarer Parr.

– Det handlar om det nære. Det ordinære. Men tonen er sikkert gjenkjenneleg.

– Du er sikkert veldig spent på korleis boka blir mottatt.

– Ja. Men eg prøver å kvile i det at ho er blitt slik eg ville ho skulle bli.

Noko Parr er glad for, er at Oskar og eg er gjennomillustrert. Mens Vaffelhjarte og Tonje Glimmerdal har ei og anna teikning i svart-kvitt, møter lesarane denne gongen ei ny fargeteikning – utarbeidd av Åshild Irgens – kvar gong dei blar om.

Der ein kan argumentere for at barn må få skape sine eigne bilde, enten dei les sjølve eller blir lesne for, meiner Parr at det visuelle er viktig.

– Særleg barn som strevar med å lese, finn glede i bilde. Eigne bilde skaper ein uansett. Eg tenker at både bilde og ord set i gang fantasi og refleksjon og kjensler.

Ho, eller forlaget, går uansett ikkje like langt som bestseljarforfattarar som David Walliams og Liz Pichon, der eit mylder av fontar og teikningar nærmast hoppar på oss.

Foreldre og barn

Eit dilemma når vi snakkar om barnebøker, er at det er vi vaksne som avgjer kva som blir gitt ut, og kva bøker som blir kåra til dei beste. Vi avgjer kva barn og barndom barn skal lese om. Som Store norske leksikon skriv under «Barne- og ungdomslitteratur»: Barnebøkene «gjenspeiler oppdragelsesidealene til noen eller mange vaksne». Det blir fort til at vi vaksne skriv det vi sjølv vil lese. Dermed kan tematikken fort bli litt for mørk eller humoren litt for skarp for barn.

Men så blir det ofte sagt at norske barnebøker er generelt gode. Og når ei bok blir omsett til mange språk, slik Parrs bøker har blitt, må ein gå ut frå at ho fenger barn – at ho handlar om ein barndom som fenger. I tillegg er det ikkje snakk om hastverksarbeid her. Parr tar seg tid. Som ho sjølv seier:

– Eg må ha noko på hjartet før eg kjem i gang.

Det hender ho tenker, slik folk flest gjer, at ho ikkje får det til.

– Eg strevar med bøkene mine. Eg har mine nederlag. Då er det godt når eg kjenner at eg er på sporet. Eg har lært meg å nyte det, dei månadene då ting flyt. Og så set eg ekstra stor pris på det når boka blir godt mottatt.

Samtidig har ho ei utdanning, understrekar ho.

– Det er ikkje slik at eg ikkje kan gjere andre ting.

At ho er lektor, kjem godt med: Ho går for å vere ein dyktig formidlar og liker å treffe lesarane, også i utlandet.

No har ho i tillegg eigne barn som ho kan lese for mens personane blir til, og bruke som ei rettesnor.

– Har det å få barn endra måten du skriv på?

– Arbeidskvardagen er annleis no. Dei to første bøkene var overskotsprosjekt. Eg skreiv når eg følte for det. Å skulle sette seg ned etter å ha levert i barnehagen, syntest eg var vanskeleg. Men så er eg blitt glad i det òg. Det var godt for sjølvkjensla å begynne å gå på jobb om morgonen. Dette er faktisk jobben min.

For det andre treng ho ikkje lenger sjå for seg korleis det er å vere forelder.

– No kan eg skape meir nyanserte vaksne. Det er ikkje lenger hypotetisk.

Kanskje har ho også fått eit klarare innblikk i kva barn vil ha?

Onkel og onkel

Om få dagar, 15. august, får altså gamle og nye lesarar historia om Ida, som «søv i den øvste køya og er sjef, og Oskar, som snorkar «som ein øydelagd støvsugar»: «Smøret hans blir ein klump på midten av skiva, jakkene er ut inn, og når han tek tannkrem, kjem det anten ingenting, eller så lagar tuben ein kjempepromp og alt kjem på ein gong. Rart at han er ein så positiv type, eigentleg.»

Vi blir kjende med ein far som alltid deler, ei mor som er opptatt av at ingen skal vere utanfor, og onkel Bulle og onkel Øyvind, som er dødssjuk.

– Du vil ikkje skrive ein roman for vaksne, då?

– Eg trivst med barnelitteraturen. Eg synest eg får sagt det eg vil, der.

Ikkje at det er uaktuelt, seier Parr. Men å få lese høgt for barn veg tungt.

– Å fortelje er ein stor del av identiteten min. Vi treng den gode forteljinga.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det handlar om det nære. Det ordinære.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis