Ingebjørg Lognvik Reinholdt lærde visa om Guro Heddelid då ho var sju år gamal. 25 år seinare har ho gjort ei heil soge om til musikk.
Guro Heddelid var ei mellomaldersk femme fatale, skal ein tru Ingebjørg Lognvik Reinholdt.
Foto: Ingvil Skeie Jones
Ingebjørg Lognvik Reinholdt fekk sitt første møte med kveding på kurs hos Ellen Nordstoga, og vart heilt hekta. 20 år etter at ho lærde den mest kjende visa om Guro Heddelid heime på Seljord, viste høgskulelæraren hennar, folkemusikar Øyonn Groven Myhren, henne Guro Heddelid, boka med forteljingar på vers og prosastykke av diktar og sambygding Jørund Telnes frå 1880.
– Eg lurte lenge på kva som hende med Guro. Juhani Silvola, Sarah-Jane Summers, Morten Kvam og eg fortalde soga i konsertformat. Så tenkte eg; Søren, eg må lage ei scenisk framsyning òg. Plata er det tredje prosjektet. Vi ville formidle soga som meir moderne musikk som kan treffe folk i dag.
– Kven var Guro Heddelid?
– Ho var ei sabla ettertrakta dame. Visene er sett i tidleg middelalder, rett før svartedauden. Guro var vakker og eigenrådig, og sette fridomen sin høgt. Ho var venesæl; trekte til seg folk, og hadde eineansvaret for den store garden etter foreldra. Dei døydde då ho var ung. Ho har mange friarar, og ho vel rike og sterke Torgeir Uppstad i staden for spelemannen Tore Smylimoen som ho helst vil ha. Ein økonomisk ustabil spelemann er eit egoistisk val, og då vel ho samstundes bort ansvaret for alt arbeidsfolket på garden. Uppstad kan forsørgje henne jamvel om han tek livet av ein av friarane. Og Guro får livet ho har sett føre seg. Men pesten sørgjer for at ho ikkje får leve lukkeleg i alle sine dagar.
– Er ho aktuell i dag?
– Ja. Ho er heilt ulik meg, men ein kan lære mykje av henne. Ein var meir avhengige av kvarandre før, og levde i eit samfunn utan velferdssystem og pensjonsordningar. Ein slik kultur fungerte på godt og vondt som ei trygg ramme. Verda i dag vert stadig meir polarisert, og konservative og ekstreme haldningar aukar. Det er ein skummel tendens. Men i dagens innvandringsdebatt hjelper det å forstå den andre sida. Og eg trur ei slik forteljing kan skape forståing.
– Meiner du at nokre kulturar i verda er på nivå med mellomalderkulturen i soga om Guro?
– Eg påstår ikkje at andre kulturar er slik, eg tenkjer ut frå mine svært utanforståande inntrykk. Men vi har kome langt med alt som heiter likestilling, og det er lett å gøyme at det finst andre måtar å skape den tryggleiken på. Det er tryggleik i fellesskapet, og i eit krigsherja land trur eg ein treng det konservative og den sosiale kontrollen i større grad. Ein finn samhaldet i andre system enn vårt velferdssystem. Det ville vere einsamt og unaturleg å berre sleppe den kollektivkjensla. Soga om Guro skildrar fellesskapet på ein annan måte enn ein er van med i dag, gjennom vala og kvalane ho opplever.
– Du held sjølv kurs i kveding. Korleis kvedar ein?
– Det er mykje gehør og herming, så det må ein nesten berre lære. Det er teksten som bestemmer kva klang stemma får, og dei mest populære songane har gjerne mange vokalar. Dei lyder vakrare. Og så vel ein sjølv korleis visa skal arte seg, om ein vil auke tempoet i takt med dramatikken i teksten. Eg har ønskt å gjere tekstane meir tilgjengelege på plata, og måtte ofre nokre fargerike gamle ord. Men eg har fått lov av oldebarnet til Jørund Telnes. Setningar som «Gav dei snautt på presten gaum» vart til «drukna presteord i draum». Og vi ville at plata skulle ha eit mest mogleg likt lydbilete som ei framsyning slik ho er i røynda. Vi fekk låne Flatdal kyrkje, sette opp mikrofonar, lurte inn litt kyrkjeorgel i ei av låtane, og spelte inn plata på tre intense dagar.
mone@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.
Foto: Cinemateket
Søte sommarskrømt
Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»