JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Kvinnesamling i dødsriket

Sju kvinner frå ulike land døyr og møtest i dødsriket. Der fortel dei om livet sitt – heilt fram til dødsaugneblinken.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Finske Laura Lindstedt fekk Finlandiaprisen for romanen Oneiron, som no har kome i norsk utgåve. Foto: Ottar Fyllingsnes

7815
20170310

LAURA
LINDSTEDT

Fødd 1976

Finsk forfattar

Debuterte med Sakset i 2007

Fekk Finlandiaprisen for Oneiron i 2015

Nominert til Nordisk råds litteraturpris

Litteratur

ottar@dagogtid.no

Finske Laura Lindstedt (40) har ført historia i pennen, og det har ho gjort med bravur. Først fekk ho Finlandiaprisen, som er den mest prestisjefylte litteraturprisen i Finland. Så vart ho nominert til Nordisk råds litteraturpris for romanen Oneiron, og nyleg fekk ho seksarar på terningen i norske aviser.

Brukte åtte år

Laura Lindstedt debuterte i 2007 med romanen Sakset. Der skriv ho om ei kvinne som adopterer eit barn frå Kina, og som ikkje greier å få kontakt. Barnet snakkar eller responderer ikkje, og det endar med at kvinna vert sprø.

Like etter at Lindstedt hadde gjeve ut debutboka, byrja ho på oppfølgjaren, som ho brukte åtte år på. Ho kalla romanen Oneiron, som tyder «draum» eller «hallusinasjon» på gresk.

Oneiron handlar om sju kvinner. Shlomith frå New York er performanceartist, rekneskapsføraren Polina frå Russland er oppteken av litteratur, alkohol og dei store mysteria i livet, Rosa frå Brasil har fått nytt hjarte frå ein ung gut, rike Nina frå Marseille er gravid med tvillingar, nederlandske Wlbgis har strupekreft, Maimuna frå Senegal søkjer modellkarriere i Vesten, medan 17 år gamle Ulrike har sommarjobb i det som var Hitlers Ørnereir. Det byrjar med at Ulrike kjem til «det store inkje». Der vert ho møtt på heilt spesielt vis. Dei seks kvinnene gjev henne ein orgasme ho knapt har kjent maken til.

– Eg plasserte kvinner frå sju ulike land i verda på éin stad – i eit stort tomt, kvitt rom – etter livet. Dei visste ikkje kvar dei kom frå eller kvifor dei var der, om det var himmel eller helvete. Det var viktig at dei kom frå ulike deler av verda, og at dei ikkje snakka same språk. Til å byrja med er ikkje alle i stand til å kommunisera, men etter kvart skjønar dei kvarandre.

– Kvifor skriva ei bok om å døy?

– Eg ville utforske frykta for å døy, og eg ville gjere det i eit slags laboratorium. Den gongen eg byrja å skriva på boka, var det eit personleg problem: Eg var skremd av tanken på døden. Likevel måtte eg sjå redsla i augo og takla henne. Eg kjempa mot frykta og mot tanken på å missa folk rundt meg.

– Hjelpte det å skriva?

– Det er mange år sidan eg byrja skriva på boka, men framleis tenkjer eg at det hjelpte litt. Eg er ikkje skremd.

– Du er ikkje religiøs?

– Nei, men eg har religiøs bakgrunn. Både bestemor og systrene hennar er svært religiøse. Men eg er interessert i religion og ideen om Gud og kva som skjer etter livet. Eg trur ikkje at Gud eksisterer, men mange religionar er representerte i boka. Det er jødedom, zenbuddhisme og katolisisme, som eg har skildra på kunstnarisk vis, men det finst ingen Gud der.

Fleire sjangrar

I romanen vekslar Lindstedt mellom fleire sjangrar. Midtvegs dukkar det opp eit meir enn tretti sider langt foredrag om «jødedom og anoreksi» som i romanen vart halde i Jewish Museum ein augustdag i 2007.

– Ei jødisk kvinne, Shlomith-Shkhina, heldt foredraget, og ho spelar ei hovudrolle i boka.

– Ja, ho er sveltekunstnar og performanceartist. Som ung bur ho i kibbutz, og ho har lidd av anoreksi sidan ho var tenåring. Sytti sider i boka handlar om livet hennar. Ho har to søner, men passar ikkje inn i samfunnet og byrjar som performanceartist. Foredraget hennar er ikkje fiksjon. Spesialistar har lese det og kontrollert innhaldet. Shlomith har vist meg vegen til temaa og kjeldene eg har brukt i boka. Ho ønskjer å undersøkja det kulturelle og religiøse ved hjelp av kroppen. Det endar med at ho døyr av anoreksi midt i ei performanceframsyning som handlar om anoreksi og jødedommen.

– I foredraget heiter det at det er ei «uomtvisteleg kjennsgjerning» at jødiske kvinner har høgare førekomst av anoreksi og andre eteforstyrringar enn gjennomsnittet. Sjølv om berre to prosent av USAs befolkning er jødar, har heile tretten prosent av klientane ved klinikkar som behandlar eteforstyrringar, jødisk bakgrunn.

– Det finst forsking som har fokusert på at kosher-tradisjonen lett fører til slike problem. Eg er ikkje spesialist, men byggjer på seriøs forsking, og eg har fått mange spørsmål kring denne delen av boka, men det er ikkje mi oppgåve å reisa spørsmål om jødedommen. I boka handterer eg temaet ganske konkret.

– Ei av kvinnene, Rosa frå Brasil, har kome til dette kvite «inkje» med nytt hjarte. I det verkelege livet vert ho oppsøkt av faren til donoren, og dei konstaterer at ho har arva fleire av eigenskapane til guten som hadde hjartet.

– Ja, enkelte kjensler følgjer med hjartet til pasienten og byrjar å verka gjennom Rosas kropp og tankeverd. Det finst ei bok om ein person som fekk nytt hjarte og som overtok fleire av eigenskapane til donoren. Eg veit ikkje om det er vitskapleg sanning i det, men folk seier at det hender. For meg var det ei god historie, og difor har eg brukt henne i romanen.

Lært av Sarraute

Laura Lindstedt har alltid skrive, men det har vore ei lang reise fram til der ho er no.

– Då eg var tenåring, byrja eg å skriva dikt, men eg fekk det ikkje til. Eg ville skriva, men visste ikkje korleis, og det har teke si tid å få til noko. Munnleg er eg ikkje den store historieforteljaren. Det er eg for sky til. Det er difor begge romanane mine handlar om kommunikasjon. Eg arbeider med doktorgraden i litteratur, og der handlar det om den franske forfattaren Natalie Sarraute og om kommunikasjonsproblem, Eg er svært medviten om kor vanskeleg det er kommunisera.

– Kva har du lært av Sarraute?

– Eg har arbeidd med henne i 15 år. Eg byrja å lesa henne via omsetjingar, og fann morsmålet mitt i skrivinga hennar. Eg set stor pris på Kundera, Sartre og Camus, men framleis tenkjer eg at eg ikkje kan skriva som dei. Men så oppdaga eg Sarraute, som fokuserte på svært korte tidsperiodar, der folk freistar å kommunisera. Ho skriv side etter side om desse små stundene, og eg fann ei ny verd i bøkene hennar. Ho har vore svært viktig for meg som forfattar, sjølv om eg har gått ein litt annan veg no.

– Kva har dei sju kvinnene i livet etter døden felles?

– Når ein tek vekk språk og kulturelle forskjellar, er me alle like. Me har same behov for å verta forstått og rørt ved. Kvinnene i boka har argument, diskusjonar og kjensler når dei kjem saman, men til slutt finn dei vegen for å gjera ting kollektivt og samarbeida. Med det store flyktningproblemet som me opplever kringom i verda no om dagen, er det viktig å hjelpa og forstå kvarandre.

– Det er ingen finske kvinner med i boka?

– Nei, eg byrja med ni kvinner, og ei av dei var finsk. Men eg ville at dei skulle vera like framande for meg som dei er for kvarandre. Som finsk forfattar kan eg ikkje identifisera meg fullt og heilt med nokon av dei, men som forfattar av historia ville eg kjempa like mykje som dei har gjort. Alle personane er fysiske og brukar sansar og kjensler i ein ekstrem situasjon.

– Det er ei feministbok?

– Ja, sjølvsagt, eg er feminist, men når eg skriv, vil eg halda alle spørsmål så opne som mogleg. Hadde eg ønskt å fremja ideologiske synspunkt, hadde eg heller skrive ein pamflett. For meg handlar det meir om å rekonstruera og reisa spørsmål. Mange menn er feministar, og mange har funne boka viktig.

– Tenkte du aldri på å ha med menn i romanen?

– Mennene eksisterer i boka gjennom historiene som kvinnene fortel, og dei har fleire menn kring seg. Frå byrjinga ville eg undersøkja korleis kvinnene laga eit kollektiv, korleis dynamikken vart mellom dei og korleis maktstrukturane vart utvikla. Dynamikken ville vorte annleis med menn, og det interesserte meg ikkje, seier Laura Lindstedt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eg utforskar frykta

for å døy i eit slags

laboratorium.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Thor Magnus Tangerås debuterte som lyrikar i 2022.

Foto: Tove K. Breistein

Meldingar

Flyg høgt

Thor Magnus Tangerås skriv ujamt om naturen og teknikken i Landskap med vindturbinar.

Kjetil Berthelsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis