JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Kunstnarleg «fredspropaganda» i krigens Noreg

Kan ein krigførande nasjon skape målarkunst for fred? Dei tyske okkupantane meinte visst det.
I alle høve slik Einar Økland ser saka.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Total julefred: Berre harmoni når jula stundar til. Alfred Eckart har lagt vekk alt som kan minne om krigs- og misstemning.

Bilete frå boka.

3474
20170331
3474
20170331

Kunst

janh@landro.bergen.no

Under tittelen Norwegen, schönes Land har Økland samla tyskprodusert biletkunst som var meint å verke som det han kallar «roande bedøvingsmiddel», mynta på massespreiing. Og om du lurer på kvar han har henta materialet sitt frå, gir svaret seg sjølv: Litt meir enn 99 prosent kjem frå eiga samling. Kvar elles?

Forfattaren minner om at tyskarane kom hit som vener, dei ville berre assimilere Noreg i Det storgermanske riket. Dei såg jo at nordmennene hadde eit prima arvestoff og hadde levd det rette, germanske livet. Alt som stod att, var å la den gamle vikingnasjonen gjennomgå ei Verdeutschung eller fortysking.

Propagandakompani

Hitler meinte alvor, også på dette området. Alt i 1938 hadde han oppretta eigne, militære propagandakompani, der tusenvis av tyske journalistar, forfattarar, fotografar, filmfolk, teiknarar og målarar blei samla og tildelte propagandaoppgåver. Saman med troppane som hærtok Noreg i 1940, sende han ein skokk med målarar som skulle følgje okkupasjonen. Oppgåva deira var likevel ikkje å dokumentere den militære framgangen, til det hadde dei fotografar, men å lage kunstnarlege skildringar av Noreg. Skildringar som skulle vekkje gode kjensler hjå tyskarar og lokka dei til Noreg med tanke på å busetje seg her.

– Under krigen?

– Absolutt. Vi skulle jo bli storgermanarar alle. Vi skulle integrerast og bli som okkupantane. Som vi veit, blei tyske soldatar oppmoda om å setje born på norske kvinner.

Økland lèt seg ikkje imponere av det desse kunstnarane presterte. No høyrde dei heller ikkje til A-laget, for dei var for verdfulle til å bli sende utanlands. Men B-laget skulle lage kunst som lett kunne reproduserast og spreiast på postkort, i kunstmapper og tidsskriftet «Deutsche Monatshefte in Norwegen», som hadde fargetrykk.

Forseinka
tradisjonalisme

– Kunsten dei produserte, var heller tannlaus. Dei vågde ikkje ha eit personleg uttrykk i motivval eller stil. Helst måla dei landskap utan menneske, eller mange skystudiar. Men stundom viste somme av desse kunstnarane seg kjenslevare for nyansar og til og med forsiktig begeistra. Noko av poenget var nok at dei skulle styre unna alt som minte om krig og strid, i staden skulle bileta ande fred og harmoni.

– Ei form for eskapisme?

– Det òg. Men også ein forseinka tradisjonalisme. Du kan jo kalle dette Norden-svermeriet for ein triviell turistaffære, i kjølvatnet av keisar Wilhelm 2s noregsreiser tidleg på 1900-talet og besøka av «Kraft durch Freude»-båtane på trettitalet.

Soldatkunsten er sjeldan direkte dårleg, meiner Økland, men heller ikkje spennande. Kunstnarane hadde ein viss fridom, men dei måtte gå i uniform og bere våpen. Somme kunstnarar syner ei viss «feeling» for det sei ser, men mykje minner om trivialkunstnarane som laga solnedgangar i mellomkrigstida – om enn ikkje like raffinert som soldatkunstnarane gjorde det.

– Kor viktig var denne propagandakunsten?

– Det er vanskeleg å seie. Eg trur han hadde ein viss harmoniserande effekt. Men det faktum at ingen har teke avstand frå det som blei laga, tyder på at verknaden har vore liten – endå om det i etterkrigstida har vore forbode å stille ut denne kunsten i Tyskland.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Vi skulle jo bli storgermanarar alle. Vi skulle
integrerast og bli som okkupantane.

Einar Økland, forfattar

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis