JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1531
20170310
1531
20170310

Kor lite skal til før eit dikt vert eit dikt?

Dette er eit spørsmål som sjeldan vert stilt av dei lærde. Men hjå vanlege lesarar er det kan hende nokon som stundom har undra seg?

Her to dikt av han som var son til målaren Pola Gauguin (1883–1961) og soneson til franskmannen som måla kvinnene på Tahiti, Paul Gauguin (1848–1903), ein av meistrane i modernismen.

Nordmannen Paul René Gauguin (1911–1976), fødd i København, sjølv målar og grafikar, var mykje av ein allkunstnar og internasjonalist, kjend som nyskapande tresnittmakar. Han illustrerte Inger Hagerups tre barnebøker med den særeigne streken sin.

Men han gav aldri ut eigne dikt – det var det Inger Hagerup som sytte for, i den posthume utgåva Et annet land i sikte (1976), der ho hyllar venen: «Paul./ Gode kamerat./ Gåtefulle venn./ Ditt liv var undring./ Og det lå undrende dikt/ i bildene dine./ Men innerst inne/ boblet en hemmelig latter …»

Diktet «En flaske» er svar på det innleiande spørsmålet. To replikkar – og ein geografisk posisjon, til Nord-Atlanteren i utkanten av Bermuda-trianglet (der mange har omkome). To usynlege personar: den som finn flaska og den som gav peilepunkta og skreiv «Alene ombord», «Hjelp». Poesien oppstår hjå lesaren når han skrur desse elementa saman.

Det andre diktet går føre seg «I vinterskogen» – og no er vi attende i jegersamfunnet, får ein tru. Det poetiske dirrar i nest siste line: «en syngende streng». Så følgjer «døden».

Pila trefte, svolten avverja. Tilværets tidlause vilkår, for mennesket – og dyra.

JAN ERIK VOLD

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis