JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: NTB scanpix

Foto: NTB scanpix

2263
20170818

Du eig ikkje lykka

Du eig ikkje lykka einsleg.

Lykka er ikkje for to.

Ropet frå verda skal alltid vera

eit vårbrus gjenom ditt blod.

Orkar ditt hjarte femne

lykka, så elsk deg slø!

Menneskeånda rømer ifrå deg

og framtida i deg er død.

Er du eit menneske, eig du

aldri den store ro.

Du eig ikkje lykka einsleg.

Lykka er ikkje for to.

Tor Jonson

2263
20170818

Du eig ikkje lykka

Du eig ikkje lykka einsleg.

Lykka er ikkje for to.

Ropet frå verda skal alltid vera

eit vårbrus gjenom ditt blod.

Orkar ditt hjarte femne

lykka, så elsk deg slø!

Menneskeånda rømer ifrå deg

og framtida i deg er død.

Er du eit menneske, eig du

aldri den store ro.

Du eig ikkje lykka einsleg.

Lykka er ikkje for to.

Tor Jonson

I august vert nettene etter kvart lange, og temperaturen fell, noko som kan vera vemodig nok i seg sjølv. Ut frå gamal røynsle har folk dessutan trudd at det mot slutten av månaden kjem tre døgn i fylgje der kulde og nattefrost kan leggja avlingane øyde.

Mange stader i landet har ein nytta nemninga «jarnnettene» om dette tidsromet. Ordet, som kjem av det norrøne ordet ’hjarn’, barfrosen mark eller snø, seier noko om kva som reint fysisk kan ramma jordbruket. Men jarnnettene kan òg tala til diktarfantasien. Ein av dei mange som har nytta dette biletleg, er Knut Hamsun. I romanen Pan (1894) freistar løytnant Glahn å frigjera seg frå kjærleiken til den lunefulle Edvarda ved å gjennomleva dei tre jarnnettene i einsemd ute i skogen, i venting på ein kulde som han vonar både reint fysisk og i overført meining skal herda han. Sjølv om den konkrete frosten ikkje kjem, kan Glahn mot slutten av tredje natta seia: «Nu var det over.»

Jarnnetter er òg tittelen på den tredje og siste diktsamlinga lyrikaren Tor Jonson (1916–51) sjølv rakk å gje ut før han i januar 1951 valde å gjera slutt på sitt eige liv. Samlinga inneheld mange av dei beste og mest kjende dikta hans, hausta store lovord frå kritikarane og tydde eit avgjerande litterært gjennombrot. Her finst dikt om død, einsemd, fattigdom, kjærleikssakn og gudslengt – alt saman velkjende motiv i forfattarskapen, utforma i versliner og strofer så enkle og nakne at dei gjerne festar seg som allgyldige fyndord hjå den som les og høyrer dei. Teksten om lykka ein aldri kan halda fast, er ein slik tekst, og han er vorten så kjent og avhalden at han nærast må kallast «kanonisk». Å sannkjenna meininga i dette diktet kan i seg sjølv kjennast som noko av ei herdsle. I same leia peikar vel òg tittelen på samlinga der det står. Gudbrandsdølane Hamsun og Jonson visste nok båe noko om ein samanheng mellom kjærleik og død.

Vigdis Ystad

Frå Jarnnetter 1948

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis