Hytteliv som institusjon
Hytta har overteke funksjonen som heimegarden hadde for familiar og slekter før, meiner sosialantropolog og professor Marianne Lien.
Det finst ein halv million hytter i Noreg. Fleire av bileta frå boka til Lien og Abram skal synast fram på ei utstilling hjå Norsk Folkemuseum frå april til oktober.
Foto: Haakon Harris
Syden og meir eksotiske feriedestinasjonar kjem stadig nærare og vert billegare og billegare å kome til ved hjelp av flyselskap som definerer «travellers» som framtida.
Likefullt ferierer nordmenn flest mest i eige heimland, syner tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). I fjor vart det endåtil gjennomført rundt fem millionar fleire feriereiser innanlands enn i kvart av dei ti føregåande åra.
Kor mange av desse feriereisene som går til private hytter, seier statistikken ikkje noko om. Men truleg er det mange. I alle fall har nesten annankvar nordmann i dag tilgang til ei eller fleire hytter. Samla finst det no i underkant av ein halv million hytter i Noreg, og talet aukar år for år. Det skriv sosialantropologane og professorane Marianne Lien ved Universitetet i Oslo og Simone Abram ved Universitetet i Durham i England i boka Hytta. Fire vegger rundt en drøm, som nyleg kom ut på Kagge Forlag. I Hytta har dei studert norske hytter og hytteliv og kva som gjer hytta så viktig for både enkeltpersonar, familiar, slekter og generasjonar.
– Hytta er for mange eit høve til å skape seg ei lengre line, både framover og bakover, når heimegarden ikkje lenger finst. Barndomsheimar kan seljast og bustader skiftast, men hytta vert ofte verande. Ho vert ein viktig del av livet, ei viktig kopling til slekta og til barndomen, og for somme òg kanskje til sitt eige liv som biografi. Mange er tilbake på hytta år etter år, og slik vert hytta eit stabilt haldepunkt i livet, seier Marianne Lien.
Bygg med historie
Boka spring ut av forskingsprosjektet «Materialiseringer av slektskap: livssyklus på norske hytter» ved Sosialantropologisk institutt ved Universitetet i Oslo, finansiert av Norges forskingsråd i samarbeid med Norsk Folkemuseum.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.