Litteratur

Hellemyrsfolket på tysk

I november kjem Amalie Skrams Hellemyrsfolket, eit hovudverk i norsk naturalisme, ut på tysk.

Amalie Skram (1846–1905), her om lag 40 år gammal.
Amalie Skram (1846–1905), her om lag 40 år gammal.
Publisert

Einmannsforlaget Guggolz Verlag i Berlin har mellom anna spesialisert seg på å gi ut klassikarar frå nordisk litteratur og gir no ut dei fire banda av Die Leute vom Hellemyr samla. Tre omsetjarar har arbeidd parallelt med bøkene, Christel Hildebrandt, Gabriele Haefs og Nora Pröfrock. Tidlegare har forlaget gitt ut Skrams Professor Hieronymus, som så å seie er den skjønnlitterære versjonen av hennar eigne røynsler som pasient i psykiatrien.

Det er ikkje første gong tyske lesarar får møte Skrams litterære figurar. I åra mellom 1895 og 1902, altså i forfattarens eiga levetid, kom ei rad av romanane hennar ut på tysk, også den vonde historia om slekta frå Hellemyren, då under tittelen Die Leute von Felsenmoor. For om lag tjue år sidan låg dette verket føre på fransk.

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel