Harper Lee til toppsAmerikanske lesarar har kåra som favorittbok, nær 60 år etter at romanen kom ut.
Amerikanske lesarar har kåra To Kill a Mockingbird til favorittbok, nær 60 år etter at romanen kom ut.
Harper Lee døydde i 2016, 90 år gammal.
Foto: Rob Carr/AP Photo
Harper Lees historie om rasisme og urett i den fiktive sørstatsbyen Maycomb i Alabama i 1930-åra kom ut i 1960. Boka vann Pulitzer-prisen året etter. To Kill a Mockingbird er sidan seld i meir enn 40 millionar eksemplar verda over, melder avisa The Guardian.
Det er kringkastingsorganisasjonen Public Broadcasting Service som har gjennomført undersøkinga, basert på ei bokliste med 100 titlar. Dei 100 titlane var valde ut av eit panel litteraturekspertar, som igjen baserte seg på nominasjonar frå 7200 amerikanarar. Ingen forfattar var representert med meir enn éi bok eller éin bokserie på lista.
Romanserien Outlander av Diana Gabaldon fekk andreplassen, medan Harry Potter av JK Rowling, Stolthet og fordom av Jane Austen og Ringenes herre av JRR Tolkien vart nummer tre, fire og fem.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.