JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Harald den store

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
UBÅTKAPTEINEN: «Vi kan jo ikke se den grense under vann!»

Faksimile frå NRK

5426
20200828

Humorhistorie

Harald Heide-Steen jr. kunne sjølvsagt mykje meir enn å tulle med språk. I tillegg til ei lang rad plater der han boltra seg med figurane sine, gjorde han òg mange filmroller. Mest kjend på lerretet er han frå Olsenbanden-filmane og for innsatsen i TV-seriar som Karl & Co. Han var innom Oslo Nye Teater, Trøndelag Teater og Det Norske Teatret. Med Riksteatret turnerte han i ei ugløymeleg rolle som Falstaff i De lystige koner i Windsor av Shakespeare.

Saman med Rolv Wesenlund var det Harald som introduserte den britiskinspirerte crazyhumoren i Noreg. Slik skapte dei humorhistorie. Dei flytta norsk humor frå den tradisjonelle revyforma og over til elleville gags, absurd komikk og improvisasjon. Få norske tekstforfattarar meistra denne typen humor, så det går historier om at ein norsk kulturjournalist leverte dei ferskt stoff frå humorscena i London – over telefon. Eg skal ikkje nemne namn, bortsett frå at det var Bengt Calmeyer.

Harald kan fint samanliknast med Peter Sellers, eit unikum som òg kunne herme alle språk og dialektar. Sellers suksess som komikar bygger i stor grad på misforståingar, gebrokke språk og merkeleg åtferd, ikkje minst i rolla som Inspektør Closeau i Den rosa panteren-filmane. Under ei filminnspeling parodierte han over høgtalaranlegget alle dei andre skodespelarane og andre på settet – perfekt.

Den som ler sist

Dagfinn Nordbø skriv om det som får oss til å le.

Eg hugsar første gong eg lo meg forderva, eg klarte ikkje slutte å le. Eg var ti år gammal og leste På folkemunne, eit magasin med vitsar av det såkalla «folkelege» slaget. Denne utgåva baud på ein vits om ein trønder som er i beit for spikar. Dette er under krigen, og trønderen går bort til ein tysk soldat og framfører ærendet sitt med følgjande setning: «Haben sie eine spikkar åt mæ?»

Ikkje anar eg kor mykje tysk eg kunne den gongen, sannsynlegvis berre brotstykke frå krigsteikneserieblada vi las (Achtung! Schnell!). Men eg skjønte nok til å sjå det urkomiske i situasjonen.

Det at folk ikkje forstår kvarandre, at kommunikasjonen mislukkast, er ein berebjelke i humor. Alle farsar er baserte på misforståingar og forvekslingar. Det at nokon ikkje meistrar eit språk godt nok, har gjennom humorhistoria alltid vore ein suksess: Tenk berre på vår eigen Harald Heide-Steen jr., eit språkgeni av høg klasse. Ingen kunne snakke gebrokke som han, og Harald hadde ingen grenser: Han kunne emulgere kva språk som helst og få stor humor ut av det.

Da eg jobba i reklamebransjen på åttitalet, fall det på meg å skrive manus til han. Noko heilt nytt skulle bli introdusert, nemleg Teletorg: Du ringer eit nummer og det kostar ein viss sum som blir lagd til telefonrekninga. Inntektene gjekk til Redd Barna, og for aller første gong blei det norske folket oppmoda av monopolkringkastaren NRK om å ringe eit telefonnummer for å gi pengar, heilt automatisk. Løna var å høyre ei historie framført av Harald Heide-Steen jr. Ho kosta 20 kroner for første del, og så vidare opp til 100 kroner. Det eksploderte med eit drønn. Televerket, som det heitte da, var ikkje førebudd på ein så frykteleg pågang, og titusenvis kom ikkje fram på telefonen. Likevel blei det mange millionar i kassa til Redd Barna, ikkje minst på grunn av det høgt elska lingvistiske geniet Harald Heide-Steen jr.

Han kom i studio iført sedvanleg gullkjede, Rolex-klokke og tung herreparfyme. Så fekk han manuset mitt, kikka på det og sa: «Altfor langt.» Snart skjønte eg at den mannen ikkje trong manus i det heile. I så fall berre eit veldig kort manus.

Harald stod i den litle båsen med hovudtelefonar og snakka tulletyrkisk. På ein halvtime røykte han sikkert tjue sigarettar, vi kunne ikkje sjå han bak glasruta. Men han leverte varene og vel så det. Tenk på alle dei udødelege figurane han har skapt ved å snakke gebrokke: Spantax-flygaren, den russiske ubåtkapteinen, Sylfest Strutle, som parodierte nynorsk, den pakistanske vakta på Folkemuseet, «Tyristsjefen» og alle dei andre.

Det enorme språktalentet hans blei grunnpilaren i karrieren som komikar. Han visste nøyaktig kva som får oss til å le, og snakka svensk og dansk nesten betre enn danskar og svenskar. I tillegg var han ein gudbenåda improvisator og ein musikalsk jazzelskar – og i humor er musikalitet tvingande naudsynt. Utan gehør kjem du ingen veg, sjølv om teksten er aldri så flink.

Eit musikalsk menneske vil ha ekstreme fordelar som komikar, fordi musikaliteten i timinga og leveringa betyr alt for resultatet. Haralds improvisasjonar tok alle på senga: Du visste aldri kva som kom. Den såkalla straight man, ofte Trond-Viggo eller Totto Osvold, kunne berre stikke mikrofonen fram og stille eit enkelt spørsmål, og dermed rann det ut. Så var det berre å klippe og få det ut på TV i beste sendetid.

Harald var aldri eksplisitt politisk. For han kom latteren alltid først. Av alt han har etterlate seg av sketsjar, parodiar og påfunn, er det berre ein einaste sketsj eg veit om, som kan kallast politisk. Det var under abortdebatten, da diskusjonen gjekk om legar skulle få reservasjonsrett i abortsaker. Haralds sketsj handla da om legen som reserverte seg mot å behandle kviser fordi han syntest dei var så stygge.

Vår store komikar døydde altfor tidleg, av kreft. I eit av dei siste intervjua seier han: «Menyen her er jo litt einsidig ­– cellegift og cola!»

Vi lyser fryd over minnet hans.

Dagfinn Nordbø

Dagfinn Nordbø er satirikar og matmons.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis