JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Han skildra krigen frå skipsdekket

Med utgivinga av matros Trosners dagbøker frå 1710–1714 er eit mysterium blitt løyst og eit unikt dokument gjort tilgjengeleg for ålmenta.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6670
20170630
6670
20170630

LITTERATUR

Jan H. Landro

janh@landro.bergen.no

Det er ein nasjonalskatt, eit verk nesten utan sidestykke som no ligg føre i to bind frå Fagbokforlaget. Åleineperspektivet gjer dagboka spesiell; det er ein matros, ikkje ein admiral, som skildrar sjøkrig og landlege, daglegliv og kultur frå tidleg 1700-tal. Og i margen på sidene har han laga teikningar, mange av dei fargelagde.

Han som skreiv dette under siste del av Store nordiske krig (1709–1720), kan ikkje ha vore vanleg kanonføde. Skrivaren kjenner meir enn morsmålet, og hentar ord og uttrykk frå latin og andre språk. Han gjorde teneste i den dansk-norske fellesflåten på same tid som Peter Wessel Tordenskiold, og kriga som han mot svenskane. Men matros Trosner stod ikkje om bord på orlogsskipet til «kaptajn Wessel», fregatten «Løvendahls Galei».

Denne Trosner som gjorde teneste på fleire fregattar, men lengst på «Høyenhald»; kven var han?

Slår du opp i norske leksikon, eller sjekkar du bloggen «Dokumentene forteller» på heimesida til Riksarkivet, fortel alle at han heitte Niels Danielsen Trosner. No meiner dei to entusiastane som etter ti års arbeid har fått gitt ut dagbøkene, å ha funne prov for at det var bror hans, Daniel Danielsen Trosner, som skreiv og teikna. Det måtte ein dansk overarkivar, Hans Christian Bjerg, og ein norsk kommandørkaptein og forskar, Tor Jørgen Melien, til for å løyse gåta. Dei ser dagboka som «en helt enestående kilde til både kultur-, språk- og marinehistorie i Norge og Danmark». Teksten har dei omsett til moderne dansk for å gjere han forståeleg for folk flest og samstundes ikkje fjerne han altfor mykje frå originalen.

Daniel Danielsen Trosner (1689–1741) kom frå øya Vestre Bokn i Boknafjorden nord for Stavanger. I København dukka 20-åringen opp i slutten av oktober 1709, og dagboka – i A5-format – byrjar 3. april året etter. Men dei første sidene manglar, i alt er 160 av dei bortimot 900 sidene borte. Nedteikningane sluttar så brått 11. januar 1714 at det er grunn til å tru at fleire sider manglar.

Kjeldekritisk

Det som er att, er likevel nok til å gi eit levande inntrykk av kva den unge sjømannen såg og opplevde. Seg sjølv og sitt nemner han knapt, bortsett frå at det stundom kan dukke opp ei setning som denne: «Samme dag var jeg i København og fik en måneds gage.» Vi får heller ikkje vite kva som utløyste skrivetrongen, eller når han fann tid til å skrive. Å vere matros på eit orlogsskip under Store nordiske krig var ingen ni-til-fire-jobb.

På eitt vis er Trosner merkeleg kjeldekritisk. Han skil skarpt mellom det han sjølv har sett og opplevd, og det han har høyrt frå andre eller kanskje lese. Slikt innleier han alltid med det hollandske ordet passiartis («det blir/blei sagt»). Ofte verkar han så godt underretta at ein må lure på kvar ein meinig matros kan ha informasjonen sin frå. Ikkje fer han med lause påstandar heller. Dei to utgivarane har sjekka det han skriv, opp mot andre historiske kjelder som viser at det stemmer. Ifølgje Bjerg og Melien gir han «i en rekke tilfeller» att historiske hendingar forbløffande korrekt.

Etter inngangsordet passiartis kan forfattaren fortelje om sjøormar, merkelege kjempefiskar, troll og verksame forbanningar. Om folk som står opp frå dei døde, eller om eit skip med rikfolk som skal ha havarert på Torvungen utanfor Arendal kring 1650. Det er altså historier han har frå andre, men så opptatt som han tydelegvis er av det overnaturlege, er det grunn til å tru at den kunnskapsrike matrosen også hang fast i tidas overtru.

I dagbøkene skriv Trosner om rutinearbeid om bord, skadar og reparasjonar, flåteforflyttingar og patruljering mot fienden. Han skildrar sjøslag – især slaget i Køge Bugt 4. oktober 1710 – og fortel om pesten som herja København, om dyrtid, sjukdom om bord og gastar som fell over bord og druknar fordi dei ikkje kan symje. Alt like nøkternt og heilt utan dramatikk. «1 druknede da han skulle svømme.»

7. juli 1712 heiter det til dømes: «kaptajn Wessel, som fører ’Løvendahls Galej’, han skød en mand ihjel i går.» Objektivt konstaterande, ikkje noko å gjere eit nummer av. Om han sjølv meiner noko eller knyter kjensler til det han skildrar, lèt han seg tilsynelatande ikkje merke med det. Dei møter to lastefartøy og skyt med skarpt mot det eine, «men han tonede intet flag». Case closed.

Fleire tusen teikningar

Matros Trosner er nesten sagaaktig i stilen, knapp og utan unødvendige adjektiv: «2 mand på Kvæsthuset [hospital for såra orlogsfolk] blev savet [sagd] begge bena af og siden døde de begge to.» Om pesten konstaterer han lakonisk at «der døde så mangfoldige mennesker i København i hundredetal og der døde 7 doktorer udi én dag».

Ofte listar han opp namna på alle skipa som er med i eit slag, og posisjonane dei har. Likeins gjer han greie for kva som er «admiralskipet», og kven som er sjef om bord. Mykje er informasjon som ikkje finst i andre sjømilitære kjelder, og såleis eit viktig supplement til materialet i det danske Rigsarkivet.

At den brente jordas taktikk ikkje er ny, viser noko Trosner skriv frå Skåne i mai 1710, då svenskane freista ta tilbake området. Dei danske okkupantane «væltede ud på gaden 1100 tønder rum og byg i Helsingborg og ledte hestene der udi og skød dem ihjel der udi at svensken skulle ikke få godt der udaf».

Trass i krig og elende var mykje av livet om bord rutine. Då kunne dei ulike formene for straff vere eit velkome avbrot for dei som gjekk fri. Det kan sjå ut som om Trosner ikkje lét eit einaste høve gå frå seg til å vere til stades ved – og skildre – slike scener, anten det var tale om kjølhaling, å hoppe frå råen eller å stå for masta, det vil seie med lenke om hals, hand eller fot og bli piska «fordi de havde været for længe i land» eller av andre grunnar.

Illustrasjonane er eit kapittel for seg. I margen på 650 av dei om lag 900 sidene har matros Trosner laga 5–8 teikningar, enkle og naivistiske, men tydelege nok. Dei viser ulike skipstypar, skip i storm, brennande skip, sjøslag, folk som blir straffa, kanonar, flagg, landskap – Trosner har skrive lengre skildringar frå Bornholm – og kvardagslege gjeremål og mykje anna. Ved somme høve får ei teikning heile breidda av ei dagboksside.

Dagbøkene har lege i Riksarkivet i Oslo sidan 1883, då ein medisinstudent selde dei for 50 kroner. No er dei også digitaliserte, så kven som helst kan få tilgang til dette eineståande tidsdokumentet på Riksarkivets heimeside.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ofte verkar han så godt underretta at ein må

lure på kvar ein meinig matros kan ha

informasjonen sin frå.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis