Gåte stig fram på nytt
2000-talets regjerande norske folkrockband står opp att i ny drakt.
Foto: Jarle Hagen
Musikk
mone@dagogtid.no
Under Stjernekamp i fjor haust imponerte Gunnhild Sundli norske familiar som sat framfor TV-skjermen på laurdagskvelden, med ein heftig versjon av Seigmen-låtaen «Metropolis». Då var det nesten tolv år sidan bandet ho starta i lag med broren Sveinung Sundli, gjekk kvar til sitt.
Med Katrin Frøder på bass, keyboard og kor, Ole Jonas Storli på keyboard, orgel og piano, og Jon Even Schärer på trommer, håpar søskenparet å gje ut ny musikk alt i haust, melder VG.
Den nye trommeslagaren Jon Even Schärer var godt innvigd Gåte-fan før bandet gav seg i 2005, ifølgje Adresseavisen.
Før han var 15 år, hadde han vore på 14 konsertar. Vokalist og el-fiolinist Gunnhild Sundli starta sjølv i bandet då ho var 14 år. No er det på tide å kome heim.
«Endeleg kan jeg røpe hva jeg har båret på en god stund. Tiden har kommet der det føles rett å fortsette på en sti jeg har gått før», skriv Sundli i bloggen sin.
Før Gåte gav seg i 2005, hadde dei fått både Spellemannsprisen og Prøysenprisen for debutplata Jygri.
No, alt før dei har spelt ein einaste tone for publikum, har manager Terje Pedersen vorte kontakta av 15 store musikkfestivalar og konsertstader.
Pedersen fortel til Arbeidets Rett at bandet har brukt mykje tid i øvingslokalet, og lovar full turné i 2018.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Musikk
mone@dagogtid.no
Under Stjernekamp i fjor haust imponerte Gunnhild Sundli norske familiar som sat framfor TV-skjermen på laurdagskvelden, med ein heftig versjon av Seigmen-låtaen «Metropolis». Då var det nesten tolv år sidan bandet ho starta i lag med broren Sveinung Sundli, gjekk kvar til sitt.
Med Katrin Frøder på bass, keyboard og kor, Ole Jonas Storli på keyboard, orgel og piano, og Jon Even Schärer på trommer, håpar søskenparet å gje ut ny musikk alt i haust, melder VG.
Den nye trommeslagaren Jon Even Schärer var godt innvigd Gåte-fan før bandet gav seg i 2005, ifølgje Adresseavisen.
Før han var 15 år, hadde han vore på 14 konsertar. Vokalist og el-fiolinist Gunnhild Sundli starta sjølv i bandet då ho var 14 år. No er det på tide å kome heim.
«Endeleg kan jeg røpe hva jeg har båret på en god stund. Tiden har kommet der det føles rett å fortsette på en sti jeg har gått før», skriv Sundli i bloggen sin.
Før Gåte gav seg i 2005, hadde dei fått både Spellemannsprisen og Prøysenprisen for debutplata Jygri.
No, alt før dei har spelt ein einaste tone for publikum, har manager Terje Pedersen vorte kontakta av 15 store musikkfestivalar og konsertstader.
Pedersen fortel til Arbeidets Rett at bandet har brukt mykje tid i øvingslokalet, og lovar full turné i 2018.
Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?