Frykt og spott

Kvifor har påskehøgtida på kort tid gått frå å vera heilag til noko kjendisar spottar i beste sendetid?

Utsnitt frå krusifiks frå kring 1270 i Hedalen stavkyrkje i Valdres, bygd kring 1160.
Utsnitt frå krusifiks frå kring 1270 i Hedalen stavkyrkje i Valdres, bygd kring 1160.
Publisert

Spottande religionssatire lever i beste velgåande, sjølv om religiøse fundamentalistar går til åtak på provokatørane, med lærardrap i Frankrike og opptøyar her heime. I dagane før påskehøgtida har religionskrenking fått breia seg i beste sendetid i fleire populære program på NRK og TV 2.

Kva som er for heilagt til å spotta, endrar seg. På semittiske språk er ordet tvitydig. Det heilage kan vera godt, men farleg òg. Det ein held heilagt, held ein fråstand til. Eit norsk ord med same doble tyding er veband. Det heilage er noko å frykta, som i uttrykket «å frykta Gud». Det som ikkje vekkjer frykt, vekkjer ikkje respekt og er ikkje heilagt.

I om lag tusen år var påskehøgtida den heilagaste, med forteljinga om ein uskuldig som sonar skulda til andre ved å lida og døy, men som så står opp att. For få tiår sidan var norsk uteliv stengt langfredag, ikkje på grunn av smitte som denne påska, men av di ein ikkje dansa og mora seg den dagen Guds son vart piska og krossfesta.

Tre døme

Ting endrar seg. Her er døme frå tre tilfeldige fjernsynsprogram førre helg.

Torsdag 18. mars. Målshow, TV 2. I fyrste klipp ser me fotballspelaren Jesus Vallejo laga sjølvmål, før laget hans likevel vinn. Programleiar Jon Hartvig Børrestad fortel at han vart «inspirert av Je-su-s Vallejo og oppstandelsen. Mannen som gikk fullstendig ned mot Molde. Se så klønete! Og så står han jo til slutt opp igjen, ikke sant?». Ein plakat fyller skjermen: «Se han lever». Børrestad tek opp att poenget: «Så Jesus, han ble inspirasjonen.» I neste klipp ligg ein spelar nede. Programleiaren: «Han blir kjeftet opp igjen. Oppstandelsen. Blir kjeftet opp. Se, han lever, han lever! Jesus lever, sa de når graven var tom og stenen var rullet til side.» I tredje klipp får ein spelar ballen rakt i andletet, og programleiaren assosierer smerta med høgtida, ler høgt og ropar: «Påsken handler jo om lidelse!»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement