Fritt Ords Pris 2020 til Khan
Deeyah Khan får Fritt Ords Pris for metodisk nyskapande dokumentarfilmar om ekstremisme.
Filmskapar Deeyah Khan har publikum over heile verda.
Foto: Fuuse
Film
sofie@dagogtid.no
Sidan debuten med ein dokumentarfilm om æresdrap, Banaz – a Love Story, i i 2012, har Deeyah Khan laga ei rekkje samfunnsaktuelle filmar der ho konfronterer militante aktivistar, både islamistar og nynazistar, mellom anna Jihad – a Story of the Others og White Right – Meeting the Enemy. I år er ho aktuell med dokumentarfilmane America’s War on Abortion og Muslim in Trump’s America.
Den norskpakistanske regis-
søren er ifølgje styreleiaren i Fritt Ord, Grete Brochmann, «en uhyre viktig utøver av kunstnerisk ytringsfrihet», og filmane hennar er «følsomme og dristige i sine forsøk på å forstå og opplyse, og behandler flere av de mest kontroversielle temaene i vår tid».
Deeyah Khan er òg grunnleggjaren av kunst- og mediebedrifta Fuuse som fokuserer på å la kvinner, minoritetar og «tredjekulturborn» få fortelje historiene sine. Gjennom Fuuse har ho starta det digitale magasinet Sister-hood, som set søkelys på at kvinner med muslimsk bakgrunn skal ha ei plattform der dei kan ytre seg og delta i debatten som handlar om dei.
Prisen, som er på 500.000 kroner og ein statuett signert Nils Aas, vert delt ut søndag 13. desember i operahuset i Oslo.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Film
sofie@dagogtid.no
Sidan debuten med ein dokumentarfilm om æresdrap, Banaz – a Love Story, i i 2012, har Deeyah Khan laga ei rekkje samfunnsaktuelle filmar der ho konfronterer militante aktivistar, både islamistar og nynazistar, mellom anna Jihad – a Story of the Others og White Right – Meeting the Enemy. I år er ho aktuell med dokumentarfilmane America’s War on Abortion og Muslim in Trump’s America.
Den norskpakistanske regis-
søren er ifølgje styreleiaren i Fritt Ord, Grete Brochmann, «en uhyre viktig utøver av kunstnerisk ytringsfrihet», og filmane hennar er «følsomme og dristige i sine forsøk på å forstå og opplyse, og behandler flere av de mest kontroversielle temaene i vår tid».
Deeyah Khan er òg grunnleggjaren av kunst- og mediebedrifta Fuuse som fokuserer på å la kvinner, minoritetar og «tredjekulturborn» få fortelje historiene sine. Gjennom Fuuse har ho starta det digitale magasinet Sister-hood, som set søkelys på at kvinner med muslimsk bakgrunn skal ha ei plattform der dei kan ytre seg og delta i debatten som handlar om dei.
Prisen, som er på 500.000 kroner og ein statuett signert Nils Aas, vert delt ut søndag 13. desember i operahuset i Oslo.
Fleire artiklar
Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.
Alle foto: Håvard Rem
Det blonde reservatet
PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.
Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.
Ein lang marsj mot idiotveldet
NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Eldspåsetting og steinkasting i Ramels veg i Rosengård i Malmö. Ivar Hippe har intervjua innbyggarar i utsette bydelar i Vest-Sverige.
Foto: Johan Nilsson / TT / AP / NTB
– Det kjem til å bli stygt
Ivar Hippe fekk lyst til å sjå nærmare på dei svenske tilstandane. Etter tre års arbeid er Sverige 2024: Beretninger om et land i krise her. Staten må ta styring, seier han.
Yrka med det høgste sjukefråværet er kvinnedominerte med relasjonelt arbeid og høge emosjonelle krav, skriv Lill Sverresdatter Larsen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Langvarig overbelastning gir rekordhøyt sykefravær
«Vi har lenge drevet en dugnad for å holde skuta flytende.»