I en komponists stambog
Orpheus slog med toner rene
ånd i vilddyr, ild i stene.
Stene har vort Norge nok af;
vilddyr har vi og en flok af.
Spil, så stenen spruder gnister!
Spil, så dyrehammen brister!
Henrik Ibsen
Frå Digte 1871
I en komponists stambog
Orpheus slog med toner rene
ånd i vilddyr, ild i stene.
Stene har vort Norge nok af;
vilddyr har vi og en flok af.
Spil, så stenen spruder gnister!
Spil, så dyrehammen brister!
Henrik Ibsen
Frå Digte 1871
Fram til midt på 1800-talet var Roma det fremste reisemålet for europeiske kunstnarar. Det galdt òg to av våre største norske, Henrik Ibsen (1828–1906) og Edvard Grieg (1843–1907). Vinteren og våren 1865–66 vanka dei saman i Skandinavisk Forening i Roma, der Grieg heldt fleire konsertar. Eit av «yndlingsstykka» i foreininga var, slik Ibsen skriv i eit brev, Rikard Nordraaks komposisjon til ein song i Bjørnsons skodespel Sigurd Slembe.
Nordraak sjølv låg på dette tida hardt sjuk i Berlin, der han døydde 20. mars 1866. Bodskapen om dødsfallet nådde ikkje den nære venen hans, Edvard Grieg i Roma, før 6. april. Men Grieg og Ibsen må ha tala saman om Nordraak også før han døydde, for i det diktet Ibsen førte inn i minneboka til Grieg 30. mars 1866, finst eit bilete som Nordraak sjølv hadde nytta nokre år i førevegen.
Nordraak hadde ynskt å utvikla ein nasjonal musikk med grunnlag i norske folketonar. I eit brev han skreiv til far sin i 1861, sa 19-åringen at det var for mykje import av utanlandske impulsar i norsk musikk: «Den [Nationaliteten] vi har hjemme, er meget sørgelig. De søge at indføre Sten til Norge, men deraf have vi nok; brug blot af det vi have.». Slike eller liknande ord kan òg Grieg ha høyrt og seinare gjeve vidare til Ibsen. Det kastar i så fall lys over kva Ibsen skreiv i minneboka eller stamboka til Grieg.
Diktet vart første gongen prenta i eit tidsskrift i 1870. Med nokre få brigde kom det så med i den einaste diktsamlinga Ibsen sjølv gav ut, Digte frå 1871. I boka er «Norden» endra til «Norge» og «sjæl» er endra til «ånd», utan at diktet dermed vert dårlegare. Her får Grieg oppgåva med å løysa ut ein eigen norsk musikkstil. Kan hende sveiv desse orda av Ibsen (og Nordraak) Grieg i minnet då han ti år seinare skreiv scenemusikken til Peer Gynt.
Vigdis Ystad
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?
Teikning: May Linn Clement
17. mai-pengar
«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.