Fotballkroppen
Cristiano Ronaldo feirar ei ny skåring.
Foto: Antonio Calanni / AP / NTB scanpix
Det er ikkje berre spelestilen som er endra på fotballbana sidan 1970-åra, kroppane til utøvarane har også ei anna form. Brystkassa er smalare, overarmane tynnare og lårmusklane til Allan Clarke må seiast å vere nærare halvparten så store som Cristiano Ronaldo sine.
Muskelfibrar med langsame eigenskapar har ikkje eit like stort volum som dei raske. Dei langsame muskelfibrane visest ikkje like godt utanpå kroppen. Resultatet av ei slik muskelsamansetning er mindre eksplosivitet og gjev difor eit dårlegare resultat på 40-meteren, der rask akselerasjon dei første metrane er avgjerande.
Studerer ein kroppen til Ronaldo, legg ein spesielt merke til den breie nakken. Ein slik oksenakke krev spesifikk styrketrening. Det vil seie tusentals timar på styrkerommet, der kvar enkelt kroppsdel får køyrt seg. I tillegg til eit heilt annleis treningsprogram speler også kosthaldet no ei større rolle. For å oppretthalde låg feittprosent har Ronaldo eit rigid kosthald med mykje protein, langsame karbohydrat og spesiallaga dressing.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.