Karen Keskulla Uhlenbeck.
oto: Andrea Kane/Institute for Advanced Study / NTB scanpix
Første kvinne som får Abelprisen
Den amerikanske matematikaren Karen Keskulla Uhlenbeck, som er professor ved University of Texas i Austin, blir første kvinne som får den prestisjetunge Abelprisen. Det er Det Norske Videnskaps-Akademi som står bak utdelinga, og Uhlenbeck får Abelprisen 2019 for grunnleggande arbeid innan geometrisk analyse og gaugeteori, som har endra det matematiske landskapet fundamentalt.
– Teoriane hennar har revolusjonert forståinga vår av minimale overflater, som til dømes overflater til såpebobler, og meir generelle minimeringsproblem i høgare dimensjonar, uttalar Hans Munthe-Kaas, leiar av Abelkomiteen.
Juryen legg også vekt på at Uhlenbeck er rollemodell og ein sterk forkjempar for likestilling mellom kjønna i forsking og i matematikk.
Abelprisen vart etablert i 2002, på 200-årsdagen til den norske matematikaren Niels Henrik Abels fødsel. Prisen er på seks millionar kroner og blir delt ut av kong Harald i Universitetets Aula i Oslo 21. mai.
Eit mylder av forteljingar på programmet
I år er temaet «Forteljingar» grunnsteinen i programmet for Dei nynorske festspela i dagane 13.–16. juni. No er festspela klar med eit breitt program med samtalar om språk, litteratur, historie og meir.
– Vi gler oss stort til å vise fram alt det andre vi har planlagt. Bokåret 2019 blir feira over heile landet, og vi ønskjer å nå breitt ut og skape ei stor feiring i Ørsta og Volda i juni, seier dagleg leiar Gaute Øvereng.
For å nå ut til endå fleire har opninga av festivalen fått ein ny vri. I Uteamfiet vil festspeldiktar Carl Frode Tiller setje stemninga med eit innslag saman med gitaristen og lydkunstnaren Stian Westerhus. Olaug Nilssen står for opningstalen, og til slutt vil Festspela nytte høvet til å vise fram Runar Gudnasons variant av «Nordmannen». Til det avsluttande stemnet på søndagen kjem Kjartan Fløgstad saman med musikarane Gabriel Fliflet, Berit Opheim og Jorunn Marie Kvernberg for å framføre konserten «Sandharpesongar». Årets stemnetale blir ved Maria Parr.
Visesongaren Terje Nilsen er død
Terje Nilsen, musikaren og låtskrivaren som særleg vart kjend for visa «Mjelle», vart onsdag morgon funnen død heime hos seg sjølv. Han vart 67 år gammal. Nilsen vart født i Svolvær i 1951 og gav ut totalt 16 album etter debuten i 1973. I tillegg til «Mjelle» frå 1977 står han bak viser som «Sommernatt», «Jorda» og «Blå ballade».
Nilsen fekk i løpet av karrieren mellom anna Bodø bys kulturpris, Alf Prøysens Ærespris, Blixprisen og Gammlengprisen. Han samarbeidde også med musikarar som Halvdan Sivertsen, rapgruppa Tungtvann og Jan Gunnar Hoff, og seinast i fjor haust hadde han konsert saman med Kringkastingsorkesteret i Oslo Konserthus.
bjorntorebroske@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
New York-politiet storma 30. april Hamilton Hall ved Columbia University for å kaste ut Gaza-aktivistane som okkuperte bygningen.
Foto: Caitlin Ochs / Reuters / NTB
Guds vreide over Columbia
Fleire tusen amerikanske studentar er blitt arresterte for å demonstrere mot Israel. USAs normalt så sterke ytringsvern blir utfordra.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
29 år gamle Jordan Bardella leier det franske høgrepopulistiske partiet Rassemblement National – som omsett til norsk vert Nasjonal samling. Det ligg an til å verte det største partiet i Frankrike ved EU-valet om ein månad. Biletet er frå eit valkampmøte i Perpignan, sør i Frankrike, 1. mai.
Foto: Manon Cruz / Reuters
Eit Europa i mørkare blått
Partia ytst til høgre ligg an til å styrkje stillinga si i Europaparlamentet ved valet om ein månad. Men dei kjem ikkje til å få stor politisk makt, ifølgje diplomat og forskar Sverre Jervell.
Elin Eika Bringa debuterer som romanforfattar.
Foto: Christopher Helberg / Bonnier Forlag
Utan eit eige rom
Elin Eika Bringa skriv seg inn i dei siste dagane i eit liv i romanen Snart er eg natt.