JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Forfattaren og mammadalten

– Eg kunne prøve meg fram utan noko press, seier Ingvar Ambjørnsen, som er saman med Elling att.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
– Eg vil skrive i tida eg har att. Det er berre dette eg vil, seier Ingvar Ambjørnsen, som har motteke ei rekkje prisar for bøkene sine.

Foto: Marie Sjøvold

7650
20190607

Bakgrunn

Ingvar Even Ambjørnsen-Haefs

Fødd i 1956, oppvaksen i Larvik og busett i Hamburg sidan 1984

Gift med Gabriele Haefs, ein tysk omsetjar

Slo gjennom med Pepsikyss i 1976 og har skrive nærare 50 bøker

Var lenge omdiskutert på grunn av haldningane sine til lettare rusmiddel

Ekko av en venn er femte bok om Elling

Litteratur

mone@dagogtid.no

–?Elling kom til i Hamburg i 1992. Tvers over gata for kontorlokalet mitt i andre etasje låg det moderne bustadblokker. Ein kveld sat eg med lyset på og såg på alle dei mange hundre vindauga utanfor. Og eg fekk ei kjensle av at nokon såg på meg. At nokon stod i eit av desse husværa og var nyfiken. Så høyrde eg for første gong stemma til Elling. Litt furten, lett krenkt. Dette er interessant, tenkte eg. Og så kom den første setningen i den første boka: «Mor døde», seier forfattar Ingvar Ambjørnsen.

Fann tonen på nytt

Ein halv time tidlegare tek Ambjørnsen telefonen heime i husværet sitt i Hamburg. Han skriv ikkje, det er for tidleg på dagen.

– Eg venta på deg, eg, seier han og småler inn i røyret.

Det er 20 år sidan førre, og på den tida siste, bok om nevrotiske og sytete Elling. Men i 2013 dukka han opp att. Romanfiguren vart bloggar, og Ambjørnsen reiste rundt i Noreg for å lese opp innlegga hans. No er Ekko av en venn ute, den femte boka om Elling.

– Vi fann tonen att. Eg såg han i eit glimt, i ei kjellarleilegheit i ein gammal villa med hage. Det var som å gå på ein gammal ven. Det var berre han og eg att, og eg kunne prøve meg fram utan press.

– Har du følt press for å skrive?

– Nei, det er eg for gammal til. Det var ikkje dramatisk då eg sa at eg var ferdig med Elling etter den fjerde boka, men det vart eit digert sirkus med premierar og raude lauparar. Det var udelt positivt å vere med på det, men det gjorde at Elling vart framand for meg og forsvann. No kan eg godt gå nokre rundar til.

Ambjørnsen fortel at romanen dannar golvet for blogginnlegga til romanfiguren, som har vorte foreviga ikkje berre i bøkene hans, men i film, som var Oscar-nominert, og fleire teaterstykke verda over. I 2017 oppretta han òg den lukka gruppa Elling-nytt på Facebook.

– Då eg starta med blogg­­innlegga, var det for å ta tempen på folk. Hugsa dei Elling?

– Tvilte du verkeleg på det?

– Eg var spent, fordi det var så avgjerande. Det ville elles vore meiningslaust å skrive ny bok om han. Eg hadde eit stort oppdrag frå Østfold fylkeskommune der eg reiste rundt på arbeidsplassar, i lunsjpausar, på alt frå byggjeverksemder til Nav-kontor, og trefte nokre tusen menneske. Elling var etterlyst, seier forfattaren.

I Ekko av en venn kjem Elling med buss for tog frå Drammen og flyttar inn i kjellaren i villaen til enkefru Annelore Frimann-Clausen. Han får straks panikkåtak av muggsoppen på soverommet, men er elles nøgd med nistepakken han har smurt seg og teen som førre leigebuar kan ha sett att i skåpet. Og han er er klar på at denne kjellaren truleg vert siste stoppestad.

– Eg anar ikkje kvar han har vore. Men no når Kjell Bjarne er død, har han ingen å kaste ball med lenger, seier Ambjørnsen.

Elling på Facebook

I villakjellaren har Elling flytta inn på Facebook, under dekknamnet Chris Brenna. Han melder pølsa han kjøper seg på 7-Eleven på Holbergs plass i ei offentleg gruppe, tel likes og ser etter om ei av kassadamene på Spar-butikken har godteke veneførespurnaden hans.

– Vi treffer ein friskare Elling enn i Elsk meg i morgon. Og, vil eg tru, klokare.

– Alt i boka hender meir eller mindre i hovudet hans. Men det ligg eit ubehag under det morosame attersynet.

– Det er noko av det løynde. Elling er ikkje ein truverdig forteljar. Når han seier at han har det bra, trur eg han til ein viss grad. Eg trur han har vant seg til å ikkje stille så høge krav. Men det er stusseleg. Han held på med desse damene rundt seg, men har ikkje særleg kontakt med nokon av dei, berre ho han bur hos. Forteljinga om Elling er ei tusensiders forteljing om menneskeleg einsemd.

– Kjenner du nokon gong på slik einsemd?

– Eg har likt mitt eige selskap frå eg var liten gut. Som forfattar må ein tole det, eg vert ikkje rastlaus. Hadde eg berre hatt nok lesestoff, kunne eg godt vorte køyrd ut på ein eller annan holme. Eg skulle klart meg bra, seier han og ler.

Så dreg han på det.

– Eg vil ikkje samanlikne meg med Elling, men eg trur nokon vil tykkje at tilværet mitt òg er ubehageleg. Eg har eigentleg ikkje nokon omgangskrins. Der andre inviterer i middagsselskap, vil eg heller sitje og rote i papira mine. Eg trur dei færraste vil setje pris på det, seier han.

Han fortel at den største ulikskapen sidan førre bok i 1999, er at Elling er på nett.

– Det er naturleg når han no kjem att. Einsemda i nettida er annleis. Eg har eit ambivalent forhold til Facebook, men dette er første gongen eg skriv roman og kan prate med lesarane på Elling-forumet på same tid. Det er verkeleg kult. Eg er gamal motkulturmann, og dette drøymde vi ikkje om eingong, då vi stod og sveiva stensilar.

– Einsemd er omtala som ei samfunnsutfordring, og bøkene dine får gode kritikkar for at dei portretterer samtida, òg no. Korleis går du fram?

– Dette temaet veit eg ikkje nok om frå ein samfunnsvitskapeleg vinkel. Eg har ingen metode når eg skriv om einsemd, og eg planlegg i røynda svært lite. Eg er romanforfattar, ikkje analytikar.

Radikalt og stort

– Du var kommentator i mellom anna VG i mange år. Kva opptek deg i samfunnet nett no?

– Eg var bloggar lenge før omgrepet var etablert. No skriv eg berre når eg kjenner trykket, i det siste om klima og miljøvern.

Han melde seg inn i Natur og Ungdom i Larvik tidleg i tenåra, tok brevkurs i økologi som tolvåring og gjekk gartnarskule i Ulvik i Hardanger då han var i tjueåra. På bloggen til forlaget tidlegare i år har han støtta ungdomen som streikar for klimaet.

– Dei er slik eg sjølv var då eg var 14 år, og eg ville vore med og stått i første rekkje. Nett slik, seier han.

– Trur du klimastreikane, no seinast i slutten av mai, hjelper?

– Ja. Streikane set søkjelyset på at stadig ny vekst er absurd, og at denne gammaldagse tenkjemåten har fått oss ut i dette uføret. Dei unge gjev dei eldre klare signal om at dei har forstått det. Det er kanskje det viktigaste som skjer nett no. Det er radikalt og stort.

I ein kronikk på forlagsbloggen skriv han at det verste med å lære om klimakonsekvensane, har vore hånen ein vert utsett for.

– Er det lettare for klimaforkjemparar å verte høyrde i dag?

– Nei. Det er tungt at dei skal måtte ta all denne verbale driten frå bestefarsgenerasjonen som er opptekne av bompengar i staden. Hånen og latterleggjeringa kjenner eg att frå då eg sjølv var 14 år.

– Når det gjeld ungdom, kva er ditt første skriveminne?

– Det hugsar eg heilt konkret. Då eg var 14 år, på guteromet i Larvik, skreiv eg eit dikt. Det var det same året eg bestemde meg for at eg skulle verte forfattar. Slik vart det.

– Kva handla diktet om?

– Urettvise, sjølvsagt. Eg var opprørd på vegner av dei som ikkje har det bra i verda. Eg hugsar nøyaktig korleis diktet gjekk. Det var sterkt inspirert av Jens Bjørneboe, seier Ambjørnsen, ler og hostar inn i telefonen.

Ambjørnsen har kols, men er ikkje redd for å døy. Ifølgje han sjølv er han ikkje redd for noko anna heller.

– Sjukdommen er skit nok, men noko må det vere. Det var ingen som tvinga meg til å røykje ein einaste sigarett, då må ein finne seg i det. Tida eg har att, vil eg nytte til å skrive. Det er min måte å puste på.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg var bloggar lenge før omgrepet var etablert.

Ingvar Ambjørnsen,
forfattar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis