Fjernstyrer statsarkiva
Riksarkivar Inga Bolstad har gjennomført ei radikal organisasjonsendring av Arkivverket. Statsarkivarane er fråtekne leiaransvaret for statsarkiva.
Riksarkivar Inga Bolstad. Foto: Riksarkivet
Bakgrunn
Arkivverket inneheld Riksarkivet, åtte statsarkiv, Samisk arkiv og Norsk helsearkiv.
Statsarkiva har i oppgåve å ta vare på og gjere tilgjengeleg arkiv frå den statlege forvaltninga.
Statsarkiva fører tilsyn med arkivforholda i all offentleg forvaltning. Statsarkiva tek òg imot privatarkiv.

Arkiv
vidar@dagogtid.no
Den nye organisasjonsmodellen der dei åtte statsarkivarane får behalde tittelen, men ikkje lenger vere leiarar for dei regionale statsarkiva, er innført trass i at kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) i Stortinget i april i fjor forsikra at statsarkivarane framleis skulle leie kvart sitt statsarkiv.
Professor i historie ved Universitetet i Bergen, Frode Ulvund, er svært kritisk til omorganiseringa.
Han meiner det har skjedd ei målmedviten nedprioritering av historisk og arkivfagleg kompetanse i Statsarkiva.
– Omorganiseringa av Statsarkiva har resultert i klart dårlegare vilkår og tilgang for dei som driv med profesjonell historieskriving. Det gjeld både for studentar og faghistorikarar, seier Ulvund. Det same seier professor emeritus i historie ved Universitetet i Oslo, Øystein Rian.
–Eg kan ikkje sjå det annleis, etter det som har skjedd, enn at statsråden faktisk villeia Stortinget, seier stortingsrepresentant Kjersti Toppe (Sp) til Dag og Tid. Ho har engasjert seg i saka og ønsker å verne om statsarkiva, som er lokaliserte på Hamar og i Kongsberg, Kristiansand, Stavanger, Bergen, Trondheim, Tromsø og Oslo.
–Når statsråden har sagt i Stortinget at statsarkivarane skal leie statsarkiva, tek eg for gitt at det blir slik, seier stortingsrepresentant Terje Breivik (V) Hordaland, nestleiar i Venstre.
Forgjengarane åtvara
Inga Bolstad kom til stillinga som riksarkivar frå jobb i Skattedirektoratet i 2014. Eitt år seinare hadde ho planane klare for å endre organiseringa av Arkivverket. Dei to forgjengarane hennar, John Herstad og Ivar Fonnes, såg på endringane som så urovekkjande at dei fann grunn til å rykke ut offentleg og åtvare mot planane gjennom innlegg i regionavisene. Og Sp fremja eit representantframlegg i Stortinget for å slå ring om statsarkiva.
Espen Andersen, representant for Forskerforbundet i Arkivverket, stadfester at mange har stilt spørsmål ved den arkivfaglege kompetansen i leiinga.
–Det er noko heilt nytt i Arkivverket at ein må heilt ned til tredje ledd i organisasjonen, til fagdirektørane, for å finne arkivfagleg kompetanse, seier Andersen.
Utan svar
Dag og Tid har bede både kulturministeren og riksarkivaren forklare kva som har skjedd etter at statsråden lova Stortinget at statsarkiva skulle haldast oppe, med statsarkivarane som leiarar. Samanfatta svarar statssekretær Bård Folke Fredriksen (H) på vegner av statsråden at det ikkje er opp til statsråden å detaljstyre kva oppgåver statsarkivarane skal ha. Fredriksen unnlèt å svare på korleis den nye modellen samsvarar med lovnaden statsråden gav i Stortinget.
Riksarkivar Bostad svarar på bokmål, sjølv om spørsmåla var stilte på nynorsk, og bryt med det mållova: «Alle fullmakter ligger ifølge arkivloven hos Riksarkivaren, både for Riksarkivet og statsarkivene.»
Samanbrot
Omorganiseringa har også fått som konsekvens at Arkivverkets offentlege postjournal har brote saman. I meir enn fire månadar har Arkivverket ikkje vore i stand til å publisere postjournalen slik dei pliktar.
–Det er ikkje mindre enn ein skandale at Arkivverket ikkje har vore tilgjengeleg på Offentleg Elektronisk Postjournal (OEP) på fleire månadar, seier Nils E. Øy til Dag og Tid. Han har bakgrunn som generalsekretær i Redaktørforeningen og er ekspert på offentleg lov og innsynsspørsmål.
–Arkivverket har sjølv tilsynsansvar med at alle offentlege verksemder her i landet dagleg fører journal og ser til at han er offentleg tilgjengeleg. Og så er det altså dette verket som sviktar. Riksarkivaren bør utføre strengt tilsyn i eiga verksemd snarast, legg Øy til.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Omorganiseringa har resultert i klart
dårlegare vilkår og tilgang.
Frode Ulvund, professor i historie
Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?