JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmKultur

Mannen som samla minne

Filmskapar David Alræk ville skape ei personskildring av bestefar sin. Så fekk bestefaren demens.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein gong sprang den livsglade bestefaren til David Alræk naken framfor kamera og flørta med kona. Så hamna han trist, sjuk og einsam på sjukeheimen.

Stillbilete frå filmen

7582
20170505

Bakgrunn

David Alræk

Fødd i Bergen i 1983

Utdanna regissør ved Høgskolen på Lillehammer i 2008

Debuterte med filmen Mellom engler og drager i 2010

Filmen Til månen med bestefar vann tre prisar og har vore vist over 30 gonger, nasjonalt og internasjonalt.

Dokumentarfilm

mone@dagogtid.no

Sjå på han gamle mannen der. Han må vi få bort!

Ein mann med kvitt hår og stort smil ser inn i linsa.

– Eg syns du held deg godt eg, seier David Alræk, filmskapar og dotterson, i det han òg dukkar opp i biletet.

– Eg må i alle fall smile, svarar bestefaren.

Slik byrjar dokumentaren Til månen med bestefar av bergensaren David Alræk. Filmen vann både eldflugeprisen og publikumsprisen under Den Norske Dokumentarfilmfestivalen førre helg.

Alræk brukte ni år på å dokumentere minna til morfaren Kaare Jacobsen. Same året som filmen kom ut, døydde morfaren.

– Du kallar bestefar din eventyrar og ein oppfinnar i filmen. Kven var han?

– Han var ingeniør av yrke, men han likte mykje betre å verte kalla oppfinnar, seier Alræk.

Kaare Jacobsen fann opp og tok patent på Jacosøyla, ei straumsøyle som forsynte campinganlegg og parkeringsplassar med straum. I tillegg var han svært interessert i å dokumentere sitt eige liv. Han var sin eigen regissør, fotograf og kaptein, og gav David Alræk sitt første filmkamera. Dottersonen fekk arve kameraet til bestefar.

– Kvifor lage film om demens?

– Eg byrja prosjektet før demensdiagnosen, og ville skape ei visuell skildring av eit liv. Eg ville vite korleis bestefar skapte historia om seg sjølv, seier bergensaren.

Kaare Jacobsen nytta filmkameraet på same viset som dagens sosiale medium. Han viste seg fram frå si beste side og tok ikkje livet så høgtideleg. I mange av klippa er dottersonen med. «Kva er det du gjer?» spør vesle David. Vi er tekne med inn i ei stove. Filmen er kornete, som gamle bilete i eit album. «Filmar deg», svarar bestefar.

Men brått skulle minna berre eksistere på loftet, i den gamle raude kista med alle filmrullane til bestefaren. Frontallappdemens, var diagnosen.

Med store bokstavar

Med frontallappdemens mister pasienten sakte evna til å styre sitt eige liv, ifølgje NHI. Dømmekrafta, hukommelsen og evna til å planleggje forsvinn. Men pasienten er våken og kan svare på tiltale. David Alræk kallar pannelappen for dirigenten i hjernen.

– Korleis var det å dokumentere sjukdommen til nokon som stod deg så nært?

– Det var tøft. Tøft å snu kameraet mot meg sjølv og min eigen familie. Eg måtte gå mange rundar med meg sjølv. Kunne eg ta med ei slik scene, spør David Alræk, som tok med klipp av bestefar i bleie på sjukeheimen.

– Men det vart naturleg å skildre sjukdommen hans. Filminga var eit møtepunkt mellom bestefar og meg, og kameraet blei eit skjold mot røynda, seier regissøren.

Opningstemaet til filmen er videoklipp frå livet til bestefaren. Det er lagt på klare, sterke fargar, og musikken leikar i bakgrunnen. Vi får vere med på nakenbading i sjøen på sommaren, og på segltur. Vi er med å bere mjølkespann og rulle i snø. Men vi får òg oppleve ein bestefar som mistar sertifikatet og ikkje kan køyre den kjære bilen sin lenger. Bilen som har vore med rundt i heile Europa.

Dottersonen ville skildre korleis ein som levde med store bokstavar, brått kunne verte så avgrensa. Kva hende når ein som brukte livet sitt på å samle på minne, sakte mista nesten alle saman?

I tåkeheimen

Attende på filmlerrettet finn bestefaren fram ei stilig gammal skjorte frå klesskapet. Han og David skal ut på byen.

– Utan denne hadde det gått dukken, seier bestefaren og smiler då han endeleg får seg ein slurk øl. Sola skin, og dei raude solbrillene kjem godt med. Eit augeblikk ser han rett inn i kameraet. Så rådar han dottersonen om korleis han skal lukkast med damene.

– Der er han slik eg hugsar han, han hadde sine klåre meiningar om korleis ting skulle vere, seier Alræk med smil i stemma.

Å dele filmprosjektet med bestefaren viste seg å vere ein måte å gjere sjukdommen meir leiken og handgripeleg på.

– Nokre gonger var han heilt i tåkeheimen, men då han fekk sjå gamle klipp han hadde filma sjølv, tok minna han med attende, seier dottersonen.

David Alræk måtte ta på seg mange roller gjennom prosjektet. Han skulle vere barnebarn, regissør, kameramann og omsorgsperson.

– Eg måtte passe på at han hadde det bra, og at han ikkje vandra ut i vegen, seier han, og siktar til kaféscena.

– Sa bestefar din noko til deg om det å verte filma som sjuk? Kva tykte han?

– Han var svært interessert i prosjektet. Eg var nøye med å gjenta kva eg gjorde, og eg opplevde at han forstod. Han fekk sjå den ferdige filmen, seier filmskaparen. I filmen ser vi den stolte bestefaren som får fortelje menneska rundt seg at dottersonen skal gå i hans fotefar.

Tre timar med klipp

Då dei ni åra med opptak var over, stod Alræk att med tre timar grovklipt film. Så måtte han pusse fram den rette historia.

– Det er krevjande å lage ein dokumentarfilm gjennom ti år. Eg loggførte kva eg hadde filma, og kva humør bestefar var i for kvart opptak. Då vi byrja klippinga og sette oss ned med manuset, vart resultatet og stemninga for tung. Historia vart ikkje bestefar si. Difor fekk humoren kome klårare fram, seier han.

– Du har jobba med dokumentar sidan du var ferdig utdanna. Har du jobba med dette temaet før?

– Eg har ikkje jobba med demens, men spørsmålet om identitet har gått att. Kva som gjer ein person til den han er, og kvifor vi menneske har trong til å verte sett, går gjerne att, seier filmskaparen.

Filmskaparen var eit kortreist innslag under Bergen internasjonale filmfestival i 2016, og han vart kåra til årets talent. Den siste tida har filmen vore vist nasjonalt og internasjonalt.

– Det er stort. Og det er interessant å treffe publikum og høyre kva tankar dei har. Mange dreg fram sine eigne tankar om korleis ein ønskjer å leve sitt eige liv. Det rører ved meg, seier Alræk.

barndomsheimen

Mot slutten av filmen tek Alræk med seg bestefaren attende til barndomsheimen i Lofoten. I filmen vert Kaare Jacobsen boren inn i flyet, og rullestolen humpar og skranglar opp flytrappa. Dette er noko av det verste han har vore med på, tykkjer han. Men han ler, og syng for seg sjølv. Dottersonen bak kameraet var spent.

– Vi budde oss på at alt kunne skje. Han hadde vore inne i tåkeheimen i lang tid. Men sjølv om mykje var usamanhengande, var han eit heilt anna menneske då vi kom fram. Han bobla over av minne, og hugsa både folk og historier. Han var livsglad, fortel filmskaparen.

Men neste gong Alræk vitja bestefaren på sjukeheimen, etter turen til Nord-Noreg, hugsa han ikkje noko av det gode besøket hos slekta.

– Kva tenkte du då?

– Eg måtte gå nokre rundar med meg sjølv. Var alt bortkasta? tenkte eg. Det var eit vendepunkt for meg, og det er eit vendepunkt i filmen. No var det min tur å hugse bestefar, seier han.

– Til slutt: I filmen seier du at du vil hugse bestefar din slik han var. Klarer du det, eller mista du han då minna forsvann?

– Det er vanskeleg å svare på. Han vart aldri meir levemannen med alle prosjekta sine. Noko av han forsvann med sjukdommen. Men minnet om kven han var før sjukdommen, er vorte mykje sterkare. Gjennom reisa, både fysisk og psykisk, og alle dei gamle bilda. Sjølv om eg filma livet hans gjennom ni år på sjukeheim, hadde han eit langt liv før det. Dei minna har vorte mykje sterkare.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Filminga var eit møtepunkt

mellom bestefar og meg, og

kameraet blei eit skjold mot

røynda.

David Alræk, regissør

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis