JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmKultur

Flat struktur

Til å vera ein film med djupe intensjonar blir det for mykje overflate.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Venskapen til tenåringsgutane vert sett på prøve.

Foto: Another World Entertainment

2393
20170331
2393
20170331

Drama

Regi: Ira Sachs

Little men

Med: Greg Kinnear, Paula García, Theo Taplitz, Michael Barbieri

Etter at bestefaren er død, tek Jake (Taplitz) og foreldra over huset hans i Brooklyn. I underetasjen har Leonor (García) drive butikk i årevis. Son hennar, Tony (Barbieri), vert fort besteven med beskjedne Jake, og alt verkar som ein lukkeleg overgang. Så vil tanta til Jake ha eit ord med i laget. Ho krev at dei leiger ut butikklokalet til marknadspris. Leonor har betalt svært låg leige fordi bestefaren ville det slik så lenge han eigde huset. Brått vert alle gjort til kapitalistar, og venskapen til tenåringsgutane vert sett på prøve.

Homo sapiens

Ira Sachs pleier vanlegvis ta for seg homofili i filmane sine. Kjennemerket har vore ei nærast sosialrealistisk tilnærming der legning berre er ein fellesnemnar, ikkje eit tema i seg sjølv. Førre filmen hans, Love is strange (2014), tok for seg eit gamalt homofilt ektepar, nydeleg avslappa og lite anstrengt spelt av John Lithgow og Alfred Molina. Når Little Men då kjem på kino, med tittelskrifta i regnbogefargar, rekna eg nesten med at han ville fortsetja i same leia. No bør eg jo kanskje ikkje bli direkte skuffa over at homofili knapt vert nemnd, men kjensla av at det manglar ein dimensjon, er uansett til stades. Handlinga kjennest litt tynn, nærast lettvint. Så ligg også handlinga tungt på dei to gutane, noko dei ber OK nok. Men eg lèt meg ikkje heilt riva med; eg blir liksom ikkje heilt kjent med dei.

Realty bites

Regissør Sachs er glad i New York, og eg er svak for den varme framstillinga av sommarbyen med mursteinshus, parkar og travle fortau. Livet som kvit middelklassefamilie verkar sjeldan veldig dramatisk, ytre sett, og sjølv om skodespelarfaren (Kinnear) slit med å få godt betalte spelejobbar, så har dei eit nedbetalt hus i Brooklyn, så det er grenser for kor synd det er i dei.

Sachs er heldigvis alltid flink til å visa mangfaldet som storbyen representerer, her ved Leonor, mor til Tony, som er chilensk syerske. Det er berre synd at eg føler at eg ikkje kjem særleg tett innpå henne heller. Sjølv om Little Men ikkje er ein beint ut dårleg film, sit eg att med kjensla av likesæle og ein litt emmen ettersmak av kjip kapitalistrealisme.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Thor Magnus Tangerås debuterte som lyrikar i 2022.

Foto: Tove K. Breistein

Meldingar

Flyg høgt

Thor Magnus Tangerås skriv ujamt om naturen og teknikken i Landskap med vindturbinar.

Kjetil Berthelsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis