Fiktivt

Publisert

Det første eg seier, eller prøvar å seie, til Åge Hareide, etter at vi har snakka litt om den nye boka til Arild Stavrum, er at det ikkje fell naturleg for meg å vere på førenamn med ein som han. Ikkje etter mine ti obligatoriske år med aldersbestemt fotball på Sunnmøre, og i løpet av desse: ei lang rekkje sinte, kvite, gjerne litt lubne trenarar. Alle menn.

– Av di vi alltid brukte etternamnet deira, seier eg, og held fram: – Av alle ikkje-militære autoritetsfigurar er trenarar dei som meir enn andre ikkje er anna enn etternamna sine.

Før eg ramsar opp: Kaurin, Schjefte, Bryn og så bortetter.

– Men førenamna er som blåst bort, seier eg.

– Kva for ein klubb, spør Åge.

– Kva for ein klubb eg spela på? SIF, seier eg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement