JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FestspelKultur

På rett veg

Festspillene i Bergens satsing på den klassiske musikken er i ferd med å ta seg opp. Kva lyt ein få med seg av dei 40 klassiske konsertane i år?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sommarnattkonsertane på Troldhaugen plar vera dei mest stemningsfulle under Festspillene i Bergen. I årets program er dette intime konsertformatet styrka.

Foto: Sjur Haga Bringeland

5005
20170526

Bakgrunn

Festspillene i Bergen

Etablert i 1953, går i år av stabelen frå 24. mai til 7. juni.

Har den siste tida hausta massiv kritikk for ikkje å satsa nok på klassisk musikk.

40 av årets kring 300 arrangement er klassiske konsertar.

Får kring 35 millionar kroner i offentleg stønad.

Selde i fjor kring 37.000 billettar.

Etter at Ander Beyer i 2012 overtok som festspeldirektør, er Festspillene i Bergen blitt større i omfang, medan fokuset på det som tradisjonelt har vore festspelas kjerne, den klassiske musikken, operaen, balletten og teatret, har blitt stadig svakare. Misnøya har ulma i konsertfoajeane i årevis, men blei ikkje tydeleg artikulert i Bergen før i august i fjor, då ti tungvektarar i kulturlivet i Bergen – mellom dei tre tidlegare festspeldirektørar – i det opne brevet «Festspill på avveier» i Bergens Tidende konfronterte Beyers festspelstrategi, som dei hevda var i ferd med å gjera Festspillene til ein uinteressant og irrelevant festival. Òg den mest kjende klassiske musikaren vår, Leif Ove Andsnes, tykte at Festspillene var blitt mindre kunstnarleg interessante. I haust lova difor Beyer å satsa tungt på den klassiske musikken under årets festspel.

Korleis merkar me denne satsinga?

Det unike ved Bergen

Heller ikkje i år er eit utanlandsk symfoniorkester i toppklasse invitert til Bergen. Noko scenisk operagjestespel er der heller ikkje. Den desidert største stjerna på programmet skulle vera den unge, kinesiske pianisten Lang Lang, som melde avbod på grunn av betennelse i armen.

Likevel: Med 40 klassisk musikk-arrangement er Festspillene 2017 på rett veg. Til dømes var konsertane på Troldhaugen – Griegs villa frå 1885 i Fana utanfor Bergen – lenge mest borte frå programmet; i fjor var det berre tre konsertar der, i år er det derimot 11. Denne kursendringa trengst: Grieg bør vera like viktig for Festspillene i Bergen som Mozart er det for Salzburger Festspiele; å marknadsføra seg med Grieg i Griegs heimby gjev festspela høve til å vera unike i det internasjonale festspellandskapet.

På Griegs flygel

Kva er så dei fem mest interessante klassiske konsertane ein lyt få med seg i år?

Det Norske Kammerorkester fyller førti år, noko som blir feira med festkonsert i Logen laurdag 27. mai. Programmet er fint, om enn ikkje særleg oppsiktsvekkjande: Me får mellom anna Griegs «Holbergsuite» og Haydns populære Cellokonsert i C-dur. Men det blir spanande å høyra om den unge austerriksk-persiske cellisten Kian Soltani får til ein ny vri på Haydn, og kva det inneber at framføringa av «Holbergsuiten» er «scenisk tilrettelagd».

Seinare denne kvelden spelar ein av våre mest interessante unge pianistar, Ingfrid Breie Nyhus, eigne folkemusikkarrangement på Griegs eige flygel. Sommarnettene i komponiststova på Troldhaugen plar vera dei mest stemningsfulle konsertane under festspela, og at Nyhus her skal gjera det same som Grieg gjorde for over hundre år sidan – å omforma den tradisjonelle slåttemusikken til ny kunstmusikk – lovar bra.

Klaustrofobisk opera

Den engelske komponisten Benjamin Britten makta betre enn nokon annan å føra operasjangeren inn i det 20. hundreåret. Med operaen Peter Grimes frå 1945, ein psykologisk thriller som går føre seg i ein klaustrofobisk fiskarlandsby ved Englands austkyst, skapte han ein moderne operaklassikar som fungerer like godt musikalsk som dramatisk. Dette er musikk som ligg Bergen Filharmoniske Orkesters engelske sjefdirigent Edward Gardners hjarte nær, noko som kan gjera framføringa i Grieghallen tysdag 30. mai til den sterkaste opplevinga under årets festspel.

Kyrkjemusikk
og kjærleik

På Den Nasjonale Scene blir det frå onsdag 31. mai til laurdag 3. juni heile fire framføringar av Händels Messias. Händel er kjend for å ha etterlate seg mange versjonar av verka sine, for han justerte partituret frå framføring til framføring, alt etter korleis publikumsresponsen var og kva for musikarar som var tilgjengelege. Det norske barokkensemblet Barokksolistene, som blir leia av den mest kjente barokkfiolinisten vår, Bjarte Eike, spelar her originalversjonen som hadde premiere i Dublin i 1742. Kor vidt videokunstnaren Netia Jones’ iscenesetjing klarer å få fram nye sider ved dette som er verdas mest framførte kyrkjelege oratorium, blir interessant å sjå.

Verdsleg moro blir det i Grieghallen dagen etter, sundag 4. juni, når dei to ypparlege norske songsolistane Mari Eriksmoen og Johannes Weisser i konsertprosjektet Mozart. Life, Love & Lust tolkar Mozarts kjærleiksariar frå operaen Figaros Bryllaup og syngespelet Tryllefløyta. Orkesteret er òg framifrå: B’Rock Orchestra blir dirigert av belgiske René Jacobs, den viktigaste Mozart-dirigenten for tida.

Sjur Haga Bringeland er musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Å høyra Grieg i Griegs heimby Bergen gjev

Festspillene høve til å vera unike i det

internasjonale festspellandskapet.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis