Diktet

«Erik Bye er ein av våre fremste visediktarar som var i stand til å skrive 'musikalske tekstar' som kan syngast.»

Publisert Sist oppdatert

Førstkomande søndag, 1. mars, er det 100 år sidan Erik Bye (1926–2004) vart fødd. Erik nytta ikkje nynorsk så ofte, men når han skulle dikte om den fredsame Magnus, måtte han ty til nynorsk.

Erik er ein av våre fremste visediktarar som var i stand til å skrive «musikalske tekstar» som kan syngast. Kvart ord og rim er tenkt og jobba med, slik at det han har på hjartet, ikkje vert pompøse vers, men enkle, naturlege skildringar utan slitne frasar.

Denne teksten vart velsigna av Eriks gode ven og kollega, Hartvig Kiran, og fortel om Magnus Erlendsson (1080–1115), jarl av Orknøyane. Den fredsame Magnus delte makta med jarlen Håkon. Dei to låg stadig i konflikt, noko folket ikkje var begeistra for. Det vart bestemt at dei to skulle møtast utan våpen på Eigilsøy. Men Magnus vart lurt. Håkon møtte opp med skip og væpna soldatar, og Magnus vart fanga og avretta. Han vart martyr, og kort tid etterpå helgen.

Knapt 20 år etter drapet på Magnus kom Ragnvald jarl til Orknøyane, og det vart bestemt at Magnuskatedralen skulle byggast. No står den mektige katedralen på staden der Magnus leid martyrdøden.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement