Foto: Ukjend
Senhøst
Saa slukner sagte bed for bed
den store glød som høsten tændte,
og haven stilner hen i fred
som var det ingen tid ivente.
En tidlig aften helder ind,
og gjennem skumringslyset glider
et koldt og blaalig taagespind,
et høstslør foran rum og tider.
Og i det stille frostgraa skjær
staar skogen smerteløs, befriet,
i høstblaa farvers bleke skjær
som har den glemt sig selv og tiet.
Einar Solstad
Senhøst
Saa slukner sagte bed for bed
den store glød som høsten tændte,
og haven stilner hen i fred
som var det ingen tid ivente.
En tidlig aften helder ind,
og gjennem skumringslyset glider
et koldt og blaalig taagespind,
et høstslør foran rum og tider.
Og i det stille frostgraa skjær
staar skogen smerteløs, befriet,
i høstblaa farvers bleke skjær
som har den glemt sig selv og tiet.
Einar Solstad
Einar Solstad (1892–1918) var berre 26 år gamal då han brått vart riven bort i spanskesykja. Sjølv vann han ikkje å gje ut meir enn ei diktbok medan han levde. Det året han gjekk bort, kom likevel ei samling nummer to med etterlatne dikt: Haven: nye digte.
Solstad voks opp like ved Kalv Arnesøns gamle høvdingsete, garden Egge nær Steinkjer, der det òg ligg tett med gamle gravfelt som vitnar om busetjingar frå brosealder og eldre jarnalder. Dei lyriske motiva hans var likevel ikkje sogebrus og fortidsdyrking. Far hans dreiv ein hagebruksskule, og dikta til sonen galdt helst noko så samtidig og omskifteleg som blomar, parkar og lauvtunge tre. Kritikaren Anders Krogvig sa påskjønande at «[s]om blomsterkjenner og blomsterelsker er i nyere norsk litteratur bare Olaf Bull hans likemann». Samstundes var han ein meister i versifikasjon, og slektningen hans, Kristofer Uppdal, meinte at «[d]et har vel knapt nok i norsk bokheim stige fram ein so ung forfattar med ei so sikker språkkjensle og formevne». Det var ein svært lovande ung lyrikar me miste i 1918.
Trass dei mange blomeskildringane var ikkje Solstad først og fremst botanikar. Den synlege naturen han skreiv om, opna for innsikter i noko anna og djupare. Framfor andre årstider tok hausten hjartet hans sterkast. Han såg venleiken når fargesprakande lauvtre falda seg ut i all si prakt, og ikkje mindre når ljoset svann og alt tona bort i gråblått tåkeslør. Men bak det vakre han skildrar, ligg ein sår tone. Alt er forgjengeleg; hausten ber bod om at ljoset kverv og den tida me eig, høyrer opp å vera til. Slik stig det fram frå mange av dikta ei kjensle av vemod som me her nord i vinterlandet kjenner altfor godt. God lyrikk kan romma sanningar som aldri går ut på dato. Då spelar det heller inga rolle om eit dikt er hundre år gamalt.
Vigdis Ystad
Frå samlinga Digte 1915
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?
Teikning: May Linn Clement
17. mai-pengar
«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.