– Ein pådrivar for diskusjonane vi må taJohannes Anyuru får Bjørnsonprisen 2018 for å kjempe for menneskeverdet og mot politisk undertrykking gjennom bøkene sine.

Johannes Anyuru får Bjørnsonprisen 2018 for å kjempe for menneskeverdet og mot politisk undertrykking gjennom bøkene sine.

Den svenske forfattaren Johannes Anyuru.
Den svenske forfattaren Johannes Anyuru.

– Johannes Anyuru brukar forfattarskapen på ein framifrå måte til å setje lys på utfordringane vi står overfor. Slik vert han ein pådrivar for dei viktige diskusjonane vi må ta om samfunnet vi lever i.

Det seier leiaren for Bjørnstjerne Bjørnson-Akademiet, Kristenn Einarsson, til NTB om vinnaren av Bjørnsonprisen 2018.

Anyuru debuterte som forfattar i 2003 med diktsamlinga Det är bara gudarna som är nya og vart i 2013 nominert til Nordisk råds litteraturpris for romanen En storm kom från paradiset. For romanen De kommer att drunkna i sina mödrars tårar, som tidlegare i år kom ut på norsk, fekk han svenske Augustpriset 2017. Boka er ein dystopi om terror og fascisme i Europa, og dei som skal drukne i tårene til mødrene, er dei som vier livet til religiøs fanatisme og vald.

– I bøkene til Johannes Anyuru står fiksjonen i direkte samanheng med verda. Politikken står i uløyseleg forhold til poesien, skriv styret i Bjørnstjerne Bjørnson-Akademiet i grunngjevinga.

Dei meiner Anyuru, til liks med Bjørnstjerne Bjørnson, er ein forfattar som kjempar for menneskeverd og mot politisk undertrykking i kraft av bøkene.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement