Litteratur
Ein dystopisk visjonær
László Krasznahorkai utmerker seg med fengslande og visjonære verk som midt i ein undergangsfase syner oss den sterke krafta som finst i kunsten, seier Nobelkomiteen i prisgrunngjevinga.
Den ungarske forfattaren László Krasznahorkai får Nobelprisen i litteratur 2025.
Foto: Cappelen Damm
Ungararen med det for oss litt vanskelege namnet er nok ukjend for mange her til lands. For dei som følgjer med på nominasjonane til den gjæve prisen, var han like fullt ein soleklar kandidat. I alt har forfattaren rundt 22 boktitlar bak seg. Fleire av bøkene har vorte filmatiserte til stor åtgaum.
Opp gjennom åra har han henta heim ei lang rekkje europeiske litteraturprisar. I 2015 fekk han Man Booker-prisen for forfattarskapen og særleg for debutromanen frå 1985, Satantango (omsett av Kari Kemeny, 2016). Både denne og fleire andre bøker er omsette til norsk, alle på Cappelen Damm. Den nyaste omsetjinga kom i 2023, romanen Herscht 07769 (omsett av Ove Lund). I denne set han søkjelys på Europas eksistensielle problem og særleg Tysklands akutte sosiale uro.
Modernistisk
Krasznahorkai vart fødd i 1954 i Gyula, ein liten by søraust i Ungarn, nær Romania, og har jødisk avstamming på farssida. Som ungdom flytta han til eit avsides jordbruksområde med små isolerte og fattige landsbyar. Eit liknande miljø finn vi i debutromanen. Her møter vi nokre lutfattige innbyggarar i eit forlate kollektivbruk som like før kommunismens fall ventar på eit mirakel – som venteleg ikkje kjem. Motivet har felles trekk med Samuel Becketts skodespel Medan vi ventar på Godot.
Krasznahorkais bøker er hovudsakleg rotfesta i Aust- og Mellom-Europa. Mange trekker liner mellom ungararen og andre store forfattarar frå området, som Franz Kafka og Thomas Bernhard. Som desse er ungararen godt plassert i den modernistiske tradisjonen, med dystre og absurde tekstar.
Dystopisk tendens
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.