Diktet
Ein døropnar
Er «Norsk kjærleikssong» eit av dei norske dikta som har fått flest tonar?
«Norsk kjærleikssong» er kanskje eit av dei vakraste kjærleiksdikta vi har her til lands. For meg var det ein døropnar då eg leitte etter norske dikt eg kunne tonesette. Mannen bak diktet, Tor Jonsson (1916–1951), sleit med mangt og mykje og hadde oftast ein sår tone i dikta sine.
Det var einsemd og tunge tankar, og eg minnest eg opplevde at tankane var vel svartsynte. Men det var lys innimellom. Eg trur at det som trigga meg, var at han fatta seg kort. Det var «lite babbel» i motsetnad til mange andre diktarar eg oppsøkte. Der syntest eg det var lite luft og ingen plass til musikk.
Tor Jonsson, derimot, skar ned til beinet og opna for musikk. «Norsk kjærleikssong» er eit godt døme på det. Mange komponistar har fatta interesse for dette diktet. Ja, truleg er det eit av dei norske dikta som har fått flest tonar?
Naturlegvis veit eg ikkje kva dei andre komponistane har tenkt. For min eigen del opplevde eg diktet som enkelt å tonesette fordi dei tre versa har lik oppbygging og lik rytmikk. Sjølvsagt kan ein nytte andre grep. Ein kan til dømes gjennomkomponere heile songen, men for ein spirrevipp utan særleg kunnskap og erfaring var det ei takksam oppgåve. Det vart tre vers på same melodi. Tradisjonelt, men det enkle er ofte det beste.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.