Diktet

Ein allsidig diktar 

Publisert Sist oppdatert

Hallgrímur Pétursson (1614–1674) er den store 1600-talsdiktaren på Island. Han rømde i unge år til kontinentet, der han mellom anna arbeidde som smedlærling, men landsmenn fann han og forbarma seg over han. I København fekk han oppdraget å lære islendingar som hadde vore i slaveri i Barbareskkysten (Nord-Afrika), opp att i kristendom. Ein av dei, den 16 år eldre Gudrídur Símonardóttir, vart han gift med. Dei slo seg ned på Island, der Hallgrímur fekk prestekall. Hallgrímur Pétursson var ein allsidig diktar som skreiv i alle typar diktformer; han var òg pioner i det at han delvis atterreiste norrøne versemål.

Diktet nedanfor er eit unikt, folkeleg festdikt, som omtalar den eine matfisken etter den andre. Dikt av denne typen florerer det ikkje av i denne tidsperioden, gjennomsyra som han var av kristen ortodoksi. Hallgrímur skreiv òg kristne barokkdikt av det klassiske slaget. Hans mest kjende diktserie er dei 50 Passíusálmar, om Jesu liding på krossen, der den gamle, sjuke islendingen identifiserer seg med frelsaren. Verket er eit høgdepunkt i nordisk 1600-talsdikting.

Men eg valde dette fiskediktet, frå Ivar Orglands fine samling islandsk poesi attdikta på norsk, i tre band (Islandske dikt, dette diktet er frå bandet som kom i 1977). «Fiskeetarsalme» minner om fiskeskildringane til ein diktarkollega som budde aust for Island i det dansk-norske riket, sjølvsagt Petter Dass, men islendingane kunne like gjerne ha funne motivet hjå Anders Arrebo, som var meir kjend i Danmark-Noreg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement