JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

DiktetKultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Foto: Terje Bendiksby / NTB

2527
20211007
2527
20211007

Neste helgelending ut er Laila Stien frå Hemnes sør for Mo i Rana. Stien er kjend for dei stilsikre novellene sine, og barnbøkene. Stien har òg omsett samisk litteratur til norsk.

Men Laila Stien er òg lyrikar, og attmed finn vi utdrag frå diktet «Asparges mot myter» i Fabler, Frost (1981), frå avdelinga «Ingen Pan. Ingen fløytemusikk». Dessverre er det ikkje plass til heile diktet her, men de kan lesa det i nettbiblioteket til Nasjonalbiblioteket (nb.no). Tittelen gjev oss ein peikepinn på kva type vers det er tale om – nemleg antipoesi, så lenge vi definerer det poetiske som noko romantisk. Stien skildrar eit Nord-Noreg som står i kontrast til det svermarvore i Knut Hamsuns bøker, her konkretisert ved Hamsuns Pan.

Ho byrjar med ein likskap mellom det gamle og moderne Nord-Noreg: «her i denne heilhamsunske naturen», men slår fort over i «uhamsunske» skildringar av ein nordnorsk kvardag der diktareget keiar seg. Ho vil skrive dikt, men «musene glimrer med sitt fravær/ like trøsteløst som pølsene». Ho meiner dei greske diktarmusene.

I keisemda skildrar ho det som skjer kring henne, som den dongerikledde «Edvarda» på veg til butikken for å kjøpe «melk og Rana Blad». Rana Blad blir ein prosaisk kontrast til dei romantiske dikta ho ikkje fekk skrive. Ein viktig bakgrunn for diktet er referansen til industribyen Mo i Rana – kanskje den mest proasiske byen i heile Nord-Noreg: «Røyken fra Jernverket og Koksverket når ikke så langt ut i fjor’n.» Vi er langt unna Macks handelsstad med prangande trehus.

Tittelen spelar på det bagatellmessige ved situasjonen. Diktaren er svolten og opnar ein boks med mat. Slik endar diktet: «Eg må nok sprette/ den boksen./ Det er visst asparges.» Her finst altså ingen romantisk lagnad som styrer diktet. Men no kan vi innvende at bagatellane i livet var noko Hamsun òg la vekt på. Skilnaden er at bagatellane i Hamsuns bøker er knytte til det umedvitne, «blodets hvisken og benpipernes bønn». Her er bagatellar inkje anna enn tilfeldige bagatellar.

Ronny Spaans

Asparges mot myter

(utdrag)

Her i denne heilhamsunske naturen

må vel diktene komme sprettende

som gnistregnet i vannskorpa.

(…)

Hva er det som rører seg

langs fjæra der borte

noe mørkt og vevert

det skulle vel aldri være

en Edvarda

en intenst søkende sensuell nordnorsk sjel.

Nei, det er det ikke. Det er

et dongerikledd fermt kvinnfolk

fra den andre sida av vika. Der går hun

i båten og trekker i snora og freser

med påhengsmotor ut

Straumkjeften.Skal vel
på butikken og kjøpe melk og Rana Blad.

Laila Stien

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

«Etisk sett balanserer man ofte på en knivsegg. Jeg håper bare inderlig at jeg alltid har falt ned på rett side», seier pressefotograf Harald Henden.

Foto via Fritt Ord.

ArbeidSamfunn

Fritt Ords pris for 2024

«Når jeg setter mitt navn under et fotografi, skal leserne kunne stole på at innholdet er korrekt, det trengs ikke ytterligere verifisering. Mitt navn skal være knyttet til sannhet.»

Les talen som prisvinnar og VG-fotograf Harald Henden heldt ved tildelinga av Fritt Ords Pris i Operaen 7. mai 2024.

HaraldHenden

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis