JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

DiktetKultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2575
20210824

Til ei myr

Eg har rakla over deg

og budd i ditt gåtemørker

Eg har handfare og opna din tunge

dampande kropp

stått i rålukt og væte

sveitta i ditt gravlagde lys

og skore skiver av dine senute musklar

vend i sol og vind

– verma meg ved din loge

og strøydd oska di for alle vindar

Sandsvalene tråkla over deg

og skjena inn i dei svarte uthola auge

i torvtaket

spoven rista deg or svevnen og gløymsla

med rullande tonar

– men no

gruvlar du deg inn i deg sjølv, ingen

vekkjer deg

I sommarnettene lettar du tidt:

blir eit tjern

og når det imest av dag

dormar du i blakrelys ei stund

før du syner ditt mørke fang.

Audun Nilsskog

2575
20210824

Til ei myr

Eg har rakla over deg

og budd i ditt gåtemørker

Eg har handfare og opna din tunge

dampande kropp

stått i rålukt og væte

sveitta i ditt gravlagde lys

og skore skiver av dine senute musklar

vend i sol og vind

– verma meg ved din loge

og strøydd oska di for alle vindar

Sandsvalene tråkla over deg

og skjena inn i dei svarte uthola auge

i torvtaket

spoven rista deg or svevnen og gløymsla

med rullande tonar

– men no

gruvlar du deg inn i deg sjølv, ingen

vekkjer deg

I sommarnettene lettar du tidt:

blir eit tjern

og når det imest av dag

dormar du i blakrelys ei stund

før du syner ditt mørke fang.

Audun Nilsskog

I den førre spalta mi skreiv eg om helgelendingen Astrid Langjord. I dei påfylgjande spaltene tek eg føre meg ei lita rekkje helgelandske diktarar. Fyrst ute er Audun Nilsskog (1930–2002), som kom frå ein kunstnarfamilie i Drevja i Vefsn og som budde på Notodden og Lillehammer seinare i livet.

Debuten, Det svarte berget (1965), inneheld dikt om einsemd, utanforskap i heimbygda og poetisk inspirasjon, men òg åtgåingar av naturen. Det blir fleire av den sistnemnde gruppa dikt i neste samling, Hjulet og hjartet (1975), som diktet attmed er henta frå.

Eit verb som går att i somme dikt av Nilsskog, er nema, som tyder «merke, fornemme». Nilsskog nem fugleskrik, skifte av årstider, sumarkveldar, og han brukar eit rikt ordtilfang i den tolmodige granskinga av naturen. Her liknar han på diktarar som Olav H. Hauge, som han vitja to gonger, og særleg Tarjei Vesaas, som han skreiv eit syrgjedikt til då vesttelen døydde.

I 1986 kom den siste diktsamlinga til Nilsskog ut, I Slipesteinen, som handlar om barndom og oppvokster i Nordland.

Vi har mange vers til høge og majestetiske fjell i norsk diktekunst, men det finst vel knapt noko dikt til myrar. Eit upoetisk tema, ville nok mange tenkje. Men Nilsskog såg stordomen i myra og skreiv «Til ei myr». Diktet utmerkjer seg gjennom skarpe, sanselege åtgåingar av blaute myrar i «rålukt og væte», eller tørre myrar, med «dei svarte uthola auge».

Men korleis kan ei myr bli oske, som fer «for alle vindar»? For å løyse denne gåta må vi forstå diktet også som kulturhistorie. Fyrste verslinene fortel om nokon som går på myra, andre strofe om nokon som skjer i myra for å skaffe seg torv – til brensel, så ein kan verme seg «ved din loge», og til torvtak, der fuglar slår seg ned. Torvtak finst nesten ikkje meir, for «ingen vekkjer deg» lenger. Men likevel ligg myra der «i blakrelys» når det nærmar seg dag.

Eg vil takke Hallvard Kjelen som har tipsa meg om diktarar frå Helgeland.

Ronny Spaans

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis