Foto: Ukjent
Du bukt som mørkner av ekeløv,
du strand med de hvite skjell,
her kunde jeg ønske at legge mit støv
en sisste blaasende kveld!
Da skulde jeg fly som en langbent fugl
bestandig langs disse brott,
trippe i sandet og staa i skjul
under bølgernes hvelv av blaatt.
Jeg kom til at sitte paa denne sten
og gi mit vesen til pris
for denne blomstrende nypegren
som svaier i havets bris
i denne bakke hvor livets sol
har tendt den evige vaar
med vilde jordbær og kaprifol
og hvite, gressende faar…
Alf Larsen
Du bukt som mørkner av ekeløv,
du strand med de hvite skjell,
her kunde jeg ønske at legge mit støv
en sisste blaasende kveld!
Da skulde jeg fly som en langbent fugl
bestandig langs disse brott,
trippe i sandet og staa i skjul
under bølgernes hvelv av blaatt.
Jeg kom til at sitte paa denne sten
og gi mit vesen til pris
for denne blomstrende nypegren
som svaier i havets bris
i denne bakke hvor livets sol
har tendt den evige vaar
med vilde jordbær og kaprifol
og hvite, gressende faar…
Alf Larsen
«Du bukt som mørkner» av Alf Larsen (1885–1967), frå I vindens sus (1927), er ein klassikar i norsk litteratur. Men kva tyder eigentleg diktet? Larsen har ein gong vorte kalla «buktenes diktar». Han meinte sjølv han var «havets diktar». Det er likevel noko i den fyrste nemninga, for diktet er eit skjergardsbilete utan havbårer og ulande vind. Rytme og rim – jambar, daktylar og kryssrim – legg også opp til stemninga i diktet: ei fredsæl eksistensiell fundering, der ved ei bortgøymd bukt, kringsett av høge eiker. I mange religionar er eika eit heilagt tre.
Det er då også eit religiøst tema diktaren tek opp. Larsen var kristen, og diktet utstrålar ei avklåra visse om ein eksistens etter dauden, i «den evige vaar». I den fredsame bukta «kunde jeg ønske at legge mit støv», skriv han. Det er som om vi føler den lune vinden han kjende der, for tinga han påkallar, «blomstrende nypegren» og «vilde jordbær og kaprifol», er ting som mildt og fromt «svaier i havets bris». Det er som om det er støvet hans som svaiar av garde «en sisste blaasende kveld».
Den lette omgangen med dauden kjem særleg fram av jamføringa «som en langbent fugl». Her får vi likevel ein smakebit av storhavet, for denne fuglen – kanskje ein tjeld, kjend for å «trippe i sand» – flyg langs sjøbrot og står under «bølgernes hvelv av blaatt». Men språkbiletet bryt ikkje med den vare stemninga, uttrykt gjennom dansande daktylar, som nok høver betre for ei bukt enn for eit hav.
«Bølgernes hvelv av blaatt» er ein mektig metafor. Fuglen innunder bylgja er som mennesket innunder ein gotisk kyrkjekvelv, som òg er bogeforma. Her er vi inne på ein kristen symbolikk som finst i diktet – utan at han blir påtrengjande. Det er mogeleg siste verslina, «hvite, gressende faar», alluderer til Kristus. Døyparen Johannes omtala Jesus allegorisk som «Guds lam». Lesarane som vil vita meir om denne allegorien, kan studere det storslegne «Gentaltaret», måla av Hubert og Jan van Eyck – utan at det har direkte relevans for diktet.
Ronny Spaans
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?