JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

DiktetKultur

Diktet: Øystein S. Ziener

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2254
20220708
2254
20220708

Berre dette: Sommar og kjærleik. Men då boka Fanga. Fanga i flukta: for-forelska for-rykte fragment av Øystein S. Ziener (1957–1998) kom ut i 1992, sende NTB ut ei melding som var såpass interessant at de skal få lese: «HOMSEDIKT FRA HEDEMARKEN: En svært spesiell debutantbok med dikt kommer på Aschehoug i begynnelsen av september. Ikke bare er det nokså uvanlig å debutere med en diktsamling på nærmere 200 sider i stort format, illustrert med fotografier, og til en pris som blir høyere enn for diktsamlinger flest. Men enda mer spesielt er nok innholdet: Det er en diktsyklus om homoseksualitet, til og med på nynorsk, med mange allusjoner til homoseksuell litteratur, og med lyriske beskrivelser av et homoseksuelt liv. (…) Iblant velger han hedmarksdialekt og allusjoner til kjent prøysendiktning, som i en bekjennelse om at det finnes homser i Ringsaker mellom steinrøys og strå midt i blåklokkevikua: Itt’n Teodor/ og/ itt’n Valdemar/ men je.»

Øystein S. Ziener var fødd i bygda Vallset i Stange og døydde ved sjølvmord i 1998, berre 41 år gammal. Han var utdanna litteraturvitar, skreiv i fleire aviser, mellom anna her i Dag og Tid, og rakk å utgi fire diktsamlingar, to biletbøker og ei bok om forfattaren Herman Bang, men mest merksemd og åtgaum fekk han altså for den tradisjonsleikande og tematisk banebrytande debutboka, som vekas dikt er henta frå.

Samlinga er delt inn i fire bøker, eller seksjonar, og dette diktet er henta frå «Andre bok/ Coming/ Coming out», som fortel i episodiske dikt om eksistensiell og seksuell oppvakning, frå tidleg barndom til ungdomstid, og om å kome ut av skapet i Bygde-Noreg. Det er stundom kjenslevart, sårt og brutalt, men oftare er det prega av ei opprømt og overskotsprega tone. Eit kraftig fråspark frå ein forfattar vi gjerne skulle hatt lenger i landet.

Cathrine Strøm

berre dette:

i sommarnattleg

løyndom

oppå Lauvåsen

å snurre

fem av håra

på brystet ditt

rundt pekefingeren

rundt

og rundt

og rundt

medan

bivringa

på jordbærleppene dine

den korte pusten din

fortel meg

at du drøymer

lukkeleg og sukkersøtt

om heile verda

som er full

av andre gutar

enn meg

himmelen raudnar

og likevel vite

at det er meg

du drøymer om

å vakne

opp til

inntil

Øystein S. Ziener

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis